Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg inngår kontrakt med Siemens AS

Forsvarsbygg kampflybase har inngått ei rammeavtale om levering av bygningsautomasjon og sentral driftskontroll (SD-anlegg) med Siemens AS.

Rammeavtalen skal syte for å dekke Forsvarsbygg sine behov for slike leveransar inn i utbygginga av hovudbasen på Ørland og den framskote basen på Evenes.
– Et godt inneklima er viktig for arbeidsmiljøet og avtalen vil syte for ei god styring av mellom anna inneklima kombinert med optimal energibruk i våre bygg på flystasjonane, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Forsvarsbygg er godt i gjenge med bygginga på Ørland hovudflystasjon. Denne kontrakten sikrar leveransar for styringa av mellom anna ventilasjons- og varmeanlegg ved skipinga av nye bygg og anlegg for Forsvaret sitt nye kampfly F-35 og oppgraderinga av eksisterande bygningsmasse. Kontrakten har ei verdi på 50 til 60 millionar kroner.

For automatikk og SD anlegg femnar kontrakten mellom anna fylgjande produktgrupper:

  • Programmering og arbeidsunderlag for utføring av anlegg som skal leverast.
  • Levering av naudsynt utstyr i det einskilde bygg og for det sentrale driftsanlegget.
  • All automatikk skal knytas opp til «Desigo Insight OSD» system. Noverande og ny installasjon skal ha same opne løysning.

- Siemens AS er eit av fleire firma som var kvalifisert og hadde lågast i pris i sitt tilbod. Det ligg også til grunn for tildelinga av kontrakten, seier Jens Levi Moldstad.

Les meir om planlegging og bygging av kampflybase her.

Foto foran fra venstre: Dag Otterstad (leiar for byggdivisjonen i Siemens Norge og Olaf Dobloug. Bak fra venstre: Sven Pettersen (rammeansvarleg for kontrakta hos Siemens), Erlend Settemsdal, Kåre Skinnes (prosjektleiar) og Jens Levi Moldstad (plan- og utbyggingssjef) 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.