Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg knyt til seg rådgjevarar

Forsvarsbygg bygger kampflybasen på Ørland og framskut base på Evenes i samband med Forsvaret sitt kjøp av F-35 kampfly, og har inngått kontrakt med ÅF Advansia AS.

– Vi er nøgd med å få med godt kompetente rådgjevarar frå ÅF Advansia til å støtte oss i prosjektet, seier Olaf Dobloug, direktør for Forsvarsbygg kampflybase.
For å kunne løyse oppdraget knyt Forsvarsbygg til seg eksterne rådgjevarar innan fleire fagfelt. Kontrakten som no er inngått femnar rådgjeving og bistand innanfor blant anna prosjektleing, prosjekteringsleing og øvrige rollar som er naturleg innan ein offentleg byggherreorganisasjon.

Rammeavtalemodellen er ganske ny i Forsvarsbygg-samanheng og vil bli ein «pool-løysning» som tryggjar god fleksibilitet, især for Forsvarsbygg gjennom heile prosjektet. Kontrakten med ÅF Advansia er tildelt på bakgrunn av pris og kompetanse. Valt tilbyder var best på dei etterspurde hovudtema; prosjektrådgjeving, prosjektstøtte og røyndom frå krevjande prosjekt.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.