Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg signerer «Charter for ei skadefri byggje- og anleggsnæring»

Forsvarsbygg er med det også formelt tilslutta gruppa som har plikta seg til å samarbeide om ein forsterka innsats for å gjere byggjeplassen til ein sikker arbeidsstad.

Tidlegare har Statsbygg, Statens vegvesen, Jernbaneverket, RIF, Arkitektbedriftene, BNL, MEF, Norsk Teknologi, Fellesforbundet og Norsk Arbeidsmannforbund signert. Gruppa har alt utarbeidd handlingsplanar med tiltak som skal få særleg prioritet. For 2016 vil særleg SHA-planar, HMS-indikatorar og læring frå ulukker bli fokusområde.

Forsvarsbygg har i alle prosjekt strengare tryggleikskrav enn det som er pålagt i forskrifter. Likevel har vi skadar på byggjeplassane våre. Skadane fordeler seg på mange typar og har komplekse samanhengar mellom direkte årsaker og årsaker som ligg bak.

- Forsvarsbygg arbeidar for å skape ei skadefri byggje- og anleggsnæring. Vi skal ha gode system, god kompetanse og gode haldningar i alle ledd. Chartersamarbeidet hjelper til å skape gjensidig involvering og kollektiv innsats frå alle i næringa, seier direktør Forsvarsbygg utvikling Erik Øimoen.

 

Bilettekst: Forsvarsbygg ved Frode Sjursen (til venstre) signerer charteret. Ved sidan av han sitt leiaren for Charteret, Harald V. Nicolaisen.

 

Tekst: Thea Vatle Warhuus
Foto:   Annichen Røed Piene

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.