Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Inviterer til opent møte på Ørland

I samband med utbygging av Ørland hovudflystasjon arrangerast det eit møte for innbyggjarane i kommunen 9. desember.

Møtet er skipa av Forsvarsbygg i samarbeid med kommunen, Luftforsvaret og Støygruppa Ørland. Møtet tek til klokka 19, onsdag 9. desember i Ørland kultursenter. Same dag vert det også gjennomført «open dag» i Ørland kultursenter, der innbyggjarane har høve til å møte Forsvarsbygg kampflybase. Båe dei to arrangementa skal syte for at innbyggjarane på Ørland får høve til å skaffe seg ytterlegare informasjon om utbygginga av flystasjonen, - arbeidet med planlagde støytiltak mynta på bustadar i nærleiken av basen, - og ramar for innløysing eigedom.

Det vert høve til å stille spørsmål på møtet, og Forsvarsbygg oppmodar interesserte til å sende inn spørsmål på førehand. Spørsmål kan sendast inn til oss på denne epost-adressa: post@forsvarsbygg.no innan tysdag 8. desember klokka 08.00.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.