Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rosar godt SHA-arbeid i Veidekke

Dei offentlege byggherrane samarbeider no tett om å oppnå målet om skadefrie byggje- og anleggsplassar i Noreg. Nå har Charter for ei skadefri byggje- og anleggsnæring delt ut SHA-prisen 2015. Vinnaren er Veidekke.

Veidekke vann prisen for beste arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) med prosjektet Marienfryd på Ensjø i Oslo.

- Veidekke går føre som eit godt døme på eit involverande, lærande og innovativt SHA-arbeid i alle fasar av byggjeprosjektet, både gjennom planlegging, prosjektering og gjennomføring, grunngjev juryen.

Sikkerheit i alle fasar

Forsvarsbygg, Statsbygg, Statens vegvesen og Jernbaneverket har dagleg det overordna ansvaret for sikkerheita til tusenvis av arbeidstakarar. Prisutdelinga er del av ei felles satsing på skadefrie byggje- og anleggsplassar.

- Heile byggje- og anleggsbransjen må tenkje sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i alle prosjekt, heilt frå prosjekte-rande til entreprenør og arbeidstakarar. Prosjektet Marienfryd er eit døme på korleis det kan gjerast, seier jury-en.

Skadefri arbeidsplass

Nesten kvar månad skjer det ei dødsulykke på byggje- og anleggsplassar i Noreg. I løpet av eitt år blir 100 personar påført varige mén. Desse tala vil dei offentlege byggherrane til livs.

- Målet vårt er at alle skal kome uskadde heim, seier dei offentlege byggherrane med administrerande direktør Frode Sjursen (Forsvarsbygg), Harald Nikolaisen (Statsbygg), jernbanedirektør Elisabeth Enger og vegdirektør Lars Aksnes i spissen.

Grunngjevinga frå juryen

  • Tidleg og gjennomgåande involvering ved å inkludere arbeidstakarar og underentreprenørar i tidleg fase.
  • Nytenking ved å involvere utanforståande aktørar, som Norges Astma- og allergiforbund.
  • God og systematisk rapportering.
  • Gode planar som viser at prosjektet har fokusert på krav frå lovgjevar når det gjeld sikkerheita til arbeidarane.
  • Systematisk læring av avvik med læringsoverføring til neste prosjekt og/eller fase.
  • Solide ressursar og kompetanse til planlegging før byggjestart og undervegs i prosjektet.
  • Metode og materialval synest å ha moment som skal ivareta sikkerheita til arbeidarane.

Juryen har bestått av representantar frå Arbeidstilsynet, offentlege byggherrar, bransjeorganisasjonar og arbeidstakarsida.

Kort fakta om Marienfryd

  • 1 blokk på 6 etasjar: Barnehage i plan 1 og 50 leilegheiter i resterande plan. Bygget er det 5. trinnet av i alt 6 trinn på Marienfryd. Totalt ca 3 800 BTA. Totalentreprise.
  • Byggherre: Veidekke Bolig AS. Representant for byggherren: Veidekke Eiendom AS. Prosjektering og bygging: Veidekke Entreprenør AS

For meir informasjon om prisutdelinga, kontakt juryen ved: Lene Jønsson, Leiar HMS og Entreprenørskolen. Telefon: 930 96 184 og epost: lj@eba.no

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.