Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal bygge 40 000 kvadratmeter nybygg på Ørland

Fram mot 2020 skal nærmare 40 000 kvadratmeter nybygg stå klare på Ørland. I tillegg skal mange av dei eksisterande bygningane fornyast.

Med ei rekke konsekvensutgreiingar og førebuingar til byggestart, la Forsvarsbygg i 2014 eit viktig grunnlag for bygging av den nye kampflybasen på Ørland.

Når dei fyrste kampflya landar høsten 2017, er Forsvaret klare til å ta dei imot.

Les meir i Forsvarsbygg si årsmelding for 2014

Konsekvensar for omgjevnadene vart kartlagd

Ei viktig hending i 2014 var overleveringa av Forsvarsbygg sitt forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing til Ørland kommune i januar. Den vidfemnande planen på om lag 1000 sider tok mellom anna føre seg flygemønsteret for dei nye kampflya optimalisert for å redusere belastninga for omgjevnadene. Fleire forhold vart nøye teke føre seg, til dømes støyutbreiinga, konsekvensar for landbruket, fuglelivet i Grandefjæra samt operative forhold. Utgreiingane vart gjennomført gjennom ein brei prosess med aktuelle partar slik som kommunen, fylket, naboar, interessentar og næringsliv.

Byggeførebuingar

Saman med oppstart av tilbodskonkurransar for bygging av hovudbase for nye kampfly, og kjøp av dei fyrste bustadane som vert utsette for støy, var fokuset i 2014 på å gjere klart for bygge- og anleggsstart.

Omfattande orienteringar til leverandører vart haldne i Ørland, Trondheim og Kristiansund. Det fyrste store byggeprosjektet, skvadronbygget, vart godkjent i Stortinget. Rehabilitering av to kasernar inne på stasjonsområdet vart starta opp og mot slutten av året starta førebuingane for den kommande bygge- og anleggsvirksomheten. Investeringane var i 2014 låge i forhold til åra som kjem.

Viktig kontakt for å sikre best mulige arbeidsforhold under bygginga blei sist, men ikkje minst, oppretta. Aktuelle aktørar var Arbeidstilsynet, Skatt-Midt, LO og Politiet. Forsvarsbygg ser positivt på samarbeidet som er satt i gang.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.