Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal leie Forsvarsbygg si byggjeverksemd i aust

Ragnhild Aalstad har fått jobben som regionsjef for Forsvarsbygg si byggherrefunksjon i aust.

Ho vil leie byggjeverksemda i ein region som årleg omset for i underkant av 800 millionar kroner i fornying og nybygg for Forsvaret. Regionen strekk seg frå Horten og Rygge i sør til Trøndelag i nord, og inkluderer mellom anna Rena leir, Jørstadmoen og Sessvollmoen.

– Eg gler meg til å bli kjent med Forsvarsbygg og nye medarbeidarar der, seier Ragnhild Aalstad.

Brei erfaring
Ragnhild Aalstad har brei erfaring frå statleg byggherreverksemd, mellom anna gjennom 14 år i Statsbygg. Ho har vore prosjektleiar, stabsleiar og leiar for faglege seksjonar og einingar innafor miljø, arkitektur og kulturminne.

Ho har god kjennskap til pågåande bransjeutviklingsprosessar og strategiområde i byggje- og anleggsbransjen.

– Ragnhild si erfaring og kompetanse er verdifull for oss. Vi er glade for at ho har valt å byrje i Forsvarsbygg, seier direktør Erik Øimoen i Forsvarsbygg utvikling.

Aalstad kjem frå Vang i Hedmark, har hovudfag i samfunnsgeografi frå Universitetet i Oslo og Master of Management frå BI Senter for leiarutdanning. Ho byrjar i stillinga seinast 1. mars 2016.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.