Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal leie Forsvarsbygg si byggjeverksemd i vest

Lars-Erik Gustavsen har fått jobben som regionsjef for Forsvarsbyggs byggherrefunksjon i vest.

Han vil leie byggjeverksemda i ein region som i 2016 vil omsetta for i underkant av 500 millionar kroner i fornying og nybygg for Forsvaret. Regionen strekk seg Kjevik i sør til Trondheim i nord, og inkluderer mellom anna Haakonsvern, Madla og Bergenhus.

- Eg gler meg til å bli kjent med Forsvarsbygg og nye medarbeidarar der, seier Lars-Erik Gustavsen.

Brei erfaring

Lars-Erik Gustavsen kjem frå Telenor kor han har vore tilsett i 14 år. Han har mellom anna vore Utbyggjingssjef i markedsområde Vest, med regionalt Byggherreansvar for utbygging og forvaltning av infrastruktur og nasjonalt ansvar for Telenors Sjøkabelvirksemd og prosjekter offshore.  Dei seinare årene har han leia Telenors Stasjonstekniske avdeling, med nasjonalt ansvar for utbyggjing og Forvaltning av Telenors telesentralar, datahallar, fjelltoppstasjonar, mobile basestasjonar etc.  Han har i tillegg erfaring frå standardisering og utvikling av teknologi og prosesser innan anleggsområdet.

 - Gustavsen si erfaring og kompetanse er verdifull for oss. Vi er glade for at han har valt å byrje i Forsvarsbygg, seier direktør Erik Øimoen i Forsvarsbygg utvikling.

Gustavsen er busett i Bønes i Bergen, utdanna ved Sjøkrigsskolen i Bergen og University of West Scotland i Glasgow. Han byrjar i stillinga 1. februar 2016.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.