Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tok i mot første av ti leilegheiter på Ørland

Forsvarsbygg har fått gjennomføringsoppdrag for kjøp av ti leilegheiter på Ørland av Forsvarsdepartementet. I går ble den første leilegheita overlevert Forsvarsbygg.

- Eit tiltak som skal bidra til auka bulyst og trivsel for tilsette ved hovudflystasjonen, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Leilegheita som er overtatt er 75,5 m² har utgang til plen, romslig entre med god garderobeplass, og inneheld mellom anna to soverom. Den er lokalisert på Underhaugen i kort avstand til Ørland hovudflystasjon. Der skal etter plana Forsvarsbygg kjøpe ytterlegare ei leilegheit. Forsvarsbygg tek sikte på å kjøpe åtte andre leilegheiter i eit eigedomsprosjekt på Skoglyfeltet på Opphaug i nærleiken av Brekstad, som venteleg vil verte ferdigbygd til våren 2016.
- Vi ønskjer å legge til rette for ulike behov og familiesituasjonar og vil på sivilt område, utanfor flystasjonen, kjøpe eller bygge til einslege og familiar med både leilegheiter og hyblar, seier Moldstad.

Det skjer i tett dialog med Luftforsvaret slik at kjøpa er samstemd i høve Luftforsvaret sitt behov. Disse skal fungere som tenestebustadar som Forsvaret disponerer. Ved vurderinga av investeringa av tenestebustadar utanfor flystasjonen tas det utgangspunkt i eksisterande bustadmasse, og kjøp av nye leilegheiter inngår som ein del av den samla porteføljen av bustadar som Forsvarsbygg tilbyr Forsvaret sine tilsette. Ut over dette vil tilsette på basen også skaffe seg egen bustad.

 

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.