Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Verdien på Værnes avgjort

Flyplassen er verd 256 millionar kroner.

Både Forsvarsdepartementet og Avinor har akseptert skjønnet over det luftfartskritiske arealet på Værnes frå Inntrøndelag tingrett. Det inneber at prisen for flyplassen er rettskraftig fastsett.

Pris

Tingretten fastsette verdien til 256 millionar kroner ved sal, eventuelt 18 millionar kroner i årleg leigesum. Alle beløp er i 2010-kroner. Dette kjem av at det var då den nye avtalen mellom forsvarssektoren og Avinor tredde i kraft. Spørsmålet gjaldt verdien av rullebanen og ein del tilstøtande område på Værnes som i dag høyrer til forsvarssektoren. Til saman ca. 1 100 dekar.

Prinsipp

Fristen for å begjære overskjønn er nå passert og ingen av partane ønsket å starte prosessen på nytt.

– Forsvarssektoren har gjort ei heilhetleg vurdering etter at skjønnet ble avsagd. Det viktigaste har ikkje fyrst og fremst vore storleiken på beløpet, men at prinsippa som er lagd til grunn av tingretten er akseptable for begge partar. Det er til dels ganske kompliserte spørsmål som er vurdert av retten, seier prosjektleder Jan Pedersen i Forsvarsbygg.

Salg

Fastsetjinga av pris betyr ikkje automatisk at grunnen skal seljes.

– Me får no etablert ryddige tilhøve mellom oss og Avinor på Værnes. Det er ein viktig milestolpe og me vil raskt starte arbeidet fram mot ei tilråding om det bør bli sal eller leige på Værnes. Utgangspunktet vårt er at eigedomen vil bli seld viss det ikkje framkommer operative omstende som er til hinder for dette, seier Pedersen.

Flesland

Avtalen om å begjære skjønn for å fastsette prisen på Værnes blei gjort mellom Forsvarsbygg og Avinor i 2011. Det står ein tilsvarande prosess for tur på Flesland.

– Me har samstundes håp om at denne prosessen blir enklare då me har ein god erfaringsbank frå prosessen på Værnes, sluttar Jan Pedersen.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.