Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Avtale om kjøp av Hårberg skule

Forsvarsbygg og Ørland kommune signerte i går ei avtale om kjøp av Hårberg skule for 100 millionar kroner, som følgje av forsvarsministeren si avgjersle i saka i fjor haust.

Det føreståande kjøpet vil verte endeleg handsama i Stortinget, noko som er praksis ved innkjøp som inneber kostnadar på minst 100 millionar kroner. Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Øystein Bø var til stades då kontrakten vart inngått, og var nøgd med avtala Forsvarsbygg og Ørland har verte samd om.

Det var og liten tvil om at dei båe partane var tilfreds med avtalen.
- Dette er ein viktig milepæl for samarbeidet mellom Forsvarsbygg og kommunen. Kommunen treng ein ny skule, samtidig som Forsvaret får tilgang til naudsynt areal. Ekstra morosamt er det at kommunestyret same dag har vedteke planprosessen for skiping av ein ny barneskule, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Forsvarsdepartementet ønskjer å kjøpe skulen slik at Ørland kommune kan byggje ein ny skule med tilsvarande elevkapasitet i eit mindre støyutsett område. Hårberg skule ligg i nærleiken av Ørland hovudflystasjon. Ut i frå eit heilskapsperspektiv ser ein at skulen si lokalisering ikkje er ideell, og at flytting vil gje ei betre løysing hjå elevar og tilsette på skulen, samtidig som Forsvaret kan nytte dei gamle skulebygningane til kontor og anleggsbygningar etterkvart som elevane flyttar over til den nye skulen.

(foto: Skjalg Ledang, Fosna-Folket)

 

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.