Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg har nå kjøpt Hårberg skule

Stortinget godkjente kjøpet av skulen i sommar og Forsvarsbygg har nå ført over pengane til kommunen. Forsvarsbygg og Ørland kommune signerte i januar ei avtale om kjøp av Hårberg skule for 100 millionar kroner, som følgje av forsvarsministeren si avgjersle i saka i fjor haust.

Nå er kjøpet eit faktum og båe kommunen og Forsvarsbygg var nøgde med løysinga saka fekk.
- Kommunen vil bygge ny skule og Forsvaret får naudsynte lokalar inntil flystasjonen, sa Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Ørland kommune kan gjennom avtalen fritt nytte eigedommen fram til ny skule er klar, i 2017-18. Forsvarsbygg vil da legge til rette for ny aktivitet for Forsvaret i den tidlegare skulen.

- Vi er glade for å ha kome til ei løysing. Pengane kjem godt med, då vi skal bygge eit nytt skulebygg og dette vil vere med å trygge at vi har økonomisk dekning i høve entreprisane vi skal ut med. Samstundes er eg glad på Forsvarsbygg sine vegner, som med dette får tilgang til fine lokalar tett ved sjølve flystasjonen, seier Tom Myrvold, ordførar i Ørland kommune.

Det var i august i fjor at forsvarsministeren kom med gladmeldinga om at Forsvarsdepartementet ønskja å kjøpe skulen, slik at Ørland kommune kunne byggje ein ny skule med tilsvarande elevkapasitet i eit mindre støyutsett område.

Kjøpet er grunngitt ut i frå eit heilskapsperspektiv om at skulen si lokalisering ikkje er ideell, og at flytting vil gje ei betre løysing hjå elevar og tilsette på skulen, samstundes som Forsvaret kan nytte dei gamle skulebygningane etterkvart som elevane flyttar over til den nye skulen.

 

Ørland

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.