Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nederlandske portar til vedlikehaldsbygget

Forsvarsbygg inngikk i dag kontrakt med det nederlandske selskapet Protec Industrial Doors om kjøp av portar til det nye vedlikehaldsbygget for F-35 på Ørland flystasjon.

Kontrakten har ein verdi på 50 millionar kroner, og inneberer at Protec skal levere i alt 19 portar til vedlikehaldsbygget. Portane produserast i Nederland, etter eit skreddarsydd design i samarbeid med Forsvarsbygg der ei rekkje krav skal kombinerast i det ferdige produktet. Protec har tidlegare levert portar til ulike Nato-prosjekt, inkludert anlegg som knyt seg til F-35 kampfly.

- Avtalen med Protec er ein milepel i arbeidet med å skipe vedlikehaldsbygget, og den bidreg til å trygge framdrifta i høve oppdraget med å sette Ørland flystasjon i stand til å ta i mot til F-35 kampfly, seier Jens Levi Moldstad, plan og utbyggingssjef i Forsvarsbygg.

Bjørnar Stifossmoen (til venstre) signerte avtalen på vegne av Forsvarsbygg, som var representert av Harry Koppendraaier.

Ørland

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.