Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ny direktør for Forsvarsbygg

Måndag 15. august hadde Thorbjørn Thoresen fyrste dag på jobb som ny direktør for Forsvarsbygg.

Thoresen kjem frå Oslo Sporveier, der han har hatt forskjellige leiarrollar de siste 14 åra, sist som programdirektør for Oslo kommunes nye trikkeprogram, Oslo Trikk. Han har også bakgrunn frå Forsvarets tele- og datateneste, Dnb og Axiti. Organisasjonsutvikling, omstilling og forbetringsarbeid har vore kjerneoppgåver heile karrieren.

– Eg tek over ei veldriven og kompetent verksemd med solide leiarar og dyktige tilsette. Men som i alle andre store verksemder, er det alltid noko som kan gjerast betre, seier Thoresen.

Effektivitetsgenet som pregar personlegdomen hans kjem godt med i den nye jobben. Oppdraget frå Forsvarsdepartementet er klart: Forsvarsbygg skal forbetre arbeidsprosessar og leveransar - og effektivisere organisasjonen.

– Det er ei tydeleg forventning frå departementet til alle etatane i sektoren; Forsvaret skal moderniserast og styrkast, og då må me klare å frigjere ressursar for å få det til. Innstillinga mi er at me skal byggje opp organisasjonen rundt dei som har skoa på i Forsvarsbygg, og sørge for at dei alltid har ein optimal verktøykasse med seg i sitt daglege virke.

Thorbjørn Thoresen er 54 år gammal, busett i Moss og utdanna jurist frå Universitetet i Oslo.

Oslo

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.