Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Reinare luft på Bardufoss

Forsvarsbygg investerer i miljøvenleg oppvarming på Bardufoss. Gamal oljefyring blir erstatta med miljøvenleg flisfyring og CO2 erstattast av vassdamp.

- Når ein stor oljefyrt varmesentral blir teken ut av bruk og erstatta med eit moderne flisfyringsanlegg, er det eit miljøtiltak som monnar. Omlegginga i Bardufoss leir sparar klimaet for påkjenninga av inntil 5200 tonn CO2 kvart år, seier prosjektleiar Stian Rene Nilsen i Forsvarsbygg.

Kontrakten Forsvarsbygg har inngått med Bioenergy AS i september 2016 er estimert til ein verdi på vel 175 millionar kroner inkl. MVA.

Miljøvenleg
Oljefyrane blir fasa ut, og både Bardufoss og Heggelia leir blir oppvarma med varmt sirkulerande vatn frå eit nytt fjernvarmeanlegg som blir drifta og eigd av Bioenergy. Leveransen av varmtvatn skal etter planen starte opp rett over nyttår og etter det gå i 20 år frå oppstart-tidspunktet.

- Når fjernvarmeanlegget på Bardufoss står ferdig, har Forsvarsbygg sett i drift fem anlegg som til saman sparar miljøet for tonnevis av CO2-utslepp i året. Dette er ei styrt avvikling av fossilt brennstoff i militærleirane, seier Nilsen.

Reduserte kostnader
Fjernvarmeleverandøren etablerer ein ny energisentral basert på biobrensel med ein grunnlast på fliskjelar med ein kapasitet på 4,2  MW og ein spisslast/backup med fyringsolje med ein kapasitet på 12 MW.

Med denne avtalen får Forsvarsbygg ein fast energipris levert i 20 år. Energiprisen kan berre krevjast indeksregulert i samsvar med endringa i SSB sin konsumprisindeks.

På denne måten blir kostnadene på energi haldne på eit stabilt nivå og gjev føreseielege rammer for driftskostnadene for Forsvarsbygg. Finansieringa er støtta av Enova.


BILETTEKST:

Kontrakt: Odd-Egil Reinås, dagleg leiar Bioenergy AS og Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg.
(Foto: Beate Ingebrigtsen)

Fyringssentral: Det byggjast ein tilsvarande fjernvarme sentral på Bardufoss lik den som varmer opp Garnisonen i Sør-Varanger, Høybuktmoen.

Bardufoss

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.