Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Anleggshotell vert bygt på Evenes

Vi har inngått kontrakt med Ramirent AS for etablering og drift av eit anleggshotell og byggherrekontor på Evenes flystasjon.

 

No skal anleggsområdet med anleggshotell og kontor for utbygginga av Evenes flystasjon oppførast. Hausten 2017 vart første kontrakt tildelt for å utføra grunn- og infrastrukturarbeid inne på flystasjonen. Tomta for anleggshotellet og byggherrekontoret er planlagt ferdigstilt til våren.

- Vi har god røynsle frå Ørland med eit anleggshotell inne på flystasjonsområdet, og vi legg vekt på at det skal vera ordnast og kontrollerte boforhold for bygg- og anleggsarbeidarar som har lang reisevei til jobben, fortel vår direktør for kampflybase Olaf Dobloug.

Kontrakten

Kontrakten på anleggshotellet og byggherrekontoret har ein verdi på rundt 83.6 millionar kroner. Her var det fem tilbydere i konkurransen.
Oppstart på byggeplassen er 1. juni og det er berekna sett i drift for brukarane 1. september i år. Ramirent har ansvaret for drifta av fasilitetane knytt til anleggshotellet. Det er avtalt at det skal driftast fram til 2027.

- For Ramirent er dette eit viktig steg på vegen for å kunna halda fram med å levera gode totalløysingar til store prosjekt. Det har vorte lagt ned mye arbeid i dette anbudet, og vi vil takka Forsvarsbygg for tilliten og gleder oss til å koma i gang, seier Karl Erik Valentin Hansen, leiar for Ramirent Temporary space i Noreg.

Ordna boforhold

I fleire år framover vil det vera høg byggeaktivitet ved flystasjonen med tilreisande bygg- og anleggsarbeidarar. Anleggshotellet er eit mellombels bygg der det vert tilbode bespisning og overnatting. I tillegg vil òg dei ulike entreprenørane ha anleggskontora sine på området.
Det er òg tilrettelagt for at Forsvaret kan nytta fasilitetane i perioden ved behov, og det vert berekna plass til vel 180 sengeplassar og opp mot 100 kontorplassar. Det er lett å tilpassa bygga fordi det er basert på modular. Anleggshotellet skal ha lomp, treningsfasilitetar og kantine.

Byggherre

Vi planlegg og utviklar Evenes flystasjon som tek i seg Behovet til forsvaret, og legg til rette for ei effektiv operativ verksemd.

Flystasjonen vert utvikla ut i frå prinsipp om arealeffektivitet, nøkternhet, gjenbruk, standardisering og fleksible løysingar.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.