Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Sjekkar støysonene

Innbyggjarar i Evenes og Skånland kom på vår «Open dag». Dei fleste for å sjekka om eigedomen deira låg innanfor raud eller gul støysone rundt Harstad/Narvik lufthamn Evenes, med spørsmål om dei ville få støytiltak.

Ein jamn straum av grunneigarar, som har eigedomar nære flyplassen, kom til biblioteket i Skånland kommune for å ta ein nærare kik på støysonekartet.

Reguleringsplan

Den nye flystasjonen for Forsvaret er i utbyggingsfase. Vi jobbar samstundes med reguleringsplanen som inneheld ei rekkje konsekvensutgreiingar innanfor ulike fagområde. Den statlege reguleringsplanen skal etter planen leggjast ut på offentleg høyring i byrjinga av 2019 og forventast vedteke før sommarferien.

Støytiltak

- Vi er godt nøgt med at så mange kom til oss for å spørja om reguleringsplanen for nye Evenes flystasjon. Denne opne dagen gjev òg oss eit godt høve til å møta folk som har nyttig informasjon å gje oss, og vi kan gje dei informasjon om prosessen med evt støytiltak når reguleringsplanen vert vedteken, fortel Olaf Dobloug.

Tilstades for å svara på ulike spørsmål var òg prosjektleiaren vår Margrete Breivik Dahl, og representantar for Evenes og Skånland kommunar.

Tentativ tidsramme for reguleringsplanen

1. kvartal 2019: Planforslag ut til offentleg ettersyn. Opne informasjonsmøte i Evenes, Tjeldsund og Skånland

2. kvartal: Saksarbeid i Forsvarsdepartementet og Kommunal og Moderniserings departementet.

I løpet av sommaren 2019: Statleg reguleringsplan vedteke.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.