Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Velferd viktig for soldaten

Tilrettelagd velferd er viktig for folket til Forsvaret som skal øva, trena og bu i tenesta si på Evenes.

Forsvaret legg til grunn at ein stor del spesialistbefal og offiserar vil bu inne på stasjonen. Saman med luftvernbatteriet som vert etablert på stasjonen, skal det òg etablerast baseforsvar på Evenes. Dette inneber at mengd vernepliktige mannskap på Evenes flystasjon vil auke monaleg. 

Idrett

I den samanheng vert det viktig å leggja til rette for eit godt tilbod, med å byggje forsvarsevne, til dei som skal opphalde seg på flystasjonen.

- Innan nøkterne ramar jobbar vi med eit prosjekt som skal realisere eit idretts- og velferdsbygg, som vil tilby ei rekkje fritidsaktivitetar for personellet, fortel utbyggingssjef John Ommund Syvertsen.

I velferdsbygget vil det mellom anna vera idrettshall, kantine, opphaldsrom og rom tilpassa tru og livssyn. Dette trur vi vil skipe eit godt sosialt miljø for alt personell på Evenes. Det vert lagt opp til ei kompakt løysing, med korte avstandar mellom mannskap- og befalsforlegningane og messa.

Sanitet

Sanitet er ein viktig funksjon og skal tilpassast den militære aktiviteten på flystasjonen.  Prosjekta er framleis under utgreiing og skal handsamast både av Forsvaret og i Forsvarsdepartementet før endeleg beslutning kan takast.

- Oppdraget vårt på Evenes er å sørgja for tilpassa eigedom, bygg og anlegg, og infrastruktur, i tråd med behov og krav som er på plass innan oppstarten av flyoperasjoner på Evenes flystasjon, fortel Syvertsen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.