Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bygginga er godt i gang på Porsangmoen

Oppbyggingen av nye Finnmark landsforsvar er godt synleg. Anleggsmaskinene har inntatt leiren for å rusta den opp til Forsvarets aktivitet, og vi er godt i gang med å bygga forsvarsevne i det nordlegaste fylket vårt.

Våren 2021 godkjente Stortinget ei rekke viktige prosjekt til Forsvarsbygg for å støtta opp om den vedtatte langtidsplanen for Forsvaret. Garnisonen i Porsanger skal bli ein viktig leir for å øva, trena og bu.

Oppbygginga av Forsvaret i Finnmark er éin av dei tre viktigaste prioritetane til både Forsvaret og Forsvarsbygg. Til saman har dei tre første kontraktane er verdi på vel 211 millionar kroner inkl. mva.

Nye bygg og anlegg

Prosjektene i denne omgangen er ein ny mannskapsforlegning for soldatane i leiren, oppføring av 72 nye leilegheiter for befal, og i tillegg eit heilt nytt renseanlegg like utanfor leiren.

Eit nytt renseanlegg er viktig med tanke på den utvida aktiviteten som no skal føregå på Porsangmoen. Dette skal stå klart til bruk i løpet av våren 2022.
Resten av prosjekta skal vera klar til innflytting ved årsskiftet 2022-23. 

Fin haust for byggeaktivitet

Været har spelt på lag med entreprenørane. Til Porsangmoen å vera, i starten av november, var det gode arbeidsforhold. Det kom lite snø og telen i bakken hadde ikkje sett seg. Dette er positivt for fremdriften i prosjekta til Finnmark landsforsvar.
Det er òg gjort ein god del infrastrukturarbeid utanfor leiren.

Fleire byggeprosjekter er på tur

Det er i tillegg utarbeidd avgjerdsunderlag for ytterlege prosjekt til Porsangmoen. Det gjeld bygging av flerbrukshaller med kontorplassar, etablering av returpunkt for avfall, tilpasninger på Porsanger tekniske verkstad, forsterkning av internveier i leiren, og dessutan oppgradering av infrastruktur i bakken.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.