Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Byggjer seriøsitet i arbeidslivet

Forsvarsbygg arbeider systematisk for å fremje seriøsitet i arbeidslivet, der ein har sett arbeidet for ei skadefri bygge- og anleggsnæring og seriøsitet i arbeidslivet i ei større samanheng.

Forsvarsbygg har soleis tatt inn bransjerettleiarar inn i sitt kvalitetssystem for til dømes utarbeiding av SHA-plan, - rettleiar for gjennomføring av SHA, - læring etter hendingar, og felles rapportering av HMS-indikatorar. Forsvarsbygg skipa ei avtale med Skatt Midt hausten 2015 og rett før årsskiftet skipa Forsvarsbygg og Skatteetaten ei samarbeidsavtale mot kriminalitet i arbeidslivet, gjeldande for heile etaten. Avtala inneber mellom anna at leverandørar og underleverandørar som får oppdrag hjå Forsvarsbygg er pliktige til å gje Forsvarsbygg fullmakt til å hente inn informasjon frå Skatteetaten som i utgangspunktet er omfatta av teieplikt.

Langt frå berre framdrift som gjeld
Når det gjeld utbygginga av kampflybasen på Ørland, blir det av fleire sett på som eit føredøme på korleis ein kan innrette arbeidet for trygge og ryddige tilhøve under eit storskala utbyggingsprosjekt.

- I anbodsprosessen skriv entreprenørar og underentreprenørar under på fullmaktar, som lar Skatteetaten vurdere og kontrollere selskapa. Om dei finn manglar eller tilhøve som ikkje etterlever reglane, kan selskapa enten avvisast eller dei må tilfredsstille strenge krav til utbetringar, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

I 2016 vart det sendt inn 14 fullmaktar frå entreprenørar tilknytt prosjekta på Ørland til Skatteetaten, som på si side utarbeida ti utvida skatteattestar til prosjekta i kampflybase.

Streng kontroll frå start
I samband med utbygginga på Ørland har Forsvarsbygg et formalisert samarbeid med LO, der ein LO-koordinator inngår i byggherreorganisasjonen. Han kan vurdere og tilkjennegje si meining om selskapas skiftordningar, tariffordningar og sikkerheitskrav. Streng kontroll før oppstart og oppfølging undervegs, gjer sitt til å sikre gode løysingar for selskapa samstundes som arbeidaranes rettigheitar er ivaretatt.

I sin organisasjon har Forsvarsbygg og en eigen SHA-rådgjevar, med ansvar for å sjå til at det er etablert eit systematisk SHA-arbeid hjå entreprenørane og underentreprenørane. Månadlege rapportar med over 20 kategoriar avvik kjem inn frå dei ulike prosjekta. Ein driv systematisk SHA- og HMS-arbeid i alle prosjekt, med risikovurderingar, vernerundar, SHA- og HMS-møter, og sikker jobb-analysar. Alle nye medarbeidarar på byggeplassane må gjennomføre SHA- og HMS-opplæring, før dei får høve til å kome inn på området. Av eit timeforbruk hjå entreprenørane på 0,4 millionar i fjor vart det registrert to fråværsdagar som medførte fråvær utover skadedagen, og 20 skadar som medførte medisinsk handsaming men ikkje fråvær. Samstundes vart det i 2016 meldt inn om lag 800 byggeplassavvik (registrete uønskte hendingar og avvik frå vernerundar).

Det gjennomførast oppstartsmøte for SHA og Skatt i alle prosjekt ved innleiing av byggefasen. I fjor hadde Skatteetaten seks slike møter i prosjekter til Forsvarsbygg ved Ørland flystasjon. Same år hadde Forsvarsbygg og Skatt Midt fem eigne arbeidsmøte, med omsyn til avtala om særskild oppfølging for arbeid med seriøsitet i byggebransjen.

I tillegg kjem Forsvarsbyggs tilrettelegging for gode og ordna butilhøve, der eit anleggshotell med sovefasilitetar, servering, kiosk, treningsrom og fellesareal huser nærare 400 anleggsarbeiderar. Om lag 100 arbeiderar er frå – og bur i nærområdet.

SHA-konferansen 2017
Tysdag 14. mars inviterast byggherrar, prosjekterande (rådgjevande ingeniør og arkitekt), koordinatorar og entreprenørar til SHA-konferansen 2017 på Lillestrøm. Tema for konferansen er samhandling og erfaringsutveksling. Sjå programmet, og meld dykk på her. Arrangørene er Forsvarsbygg, Statsbygg, Jernbaneverket og Statens vegvesen, Rådgivende ingeniørers forening (RIF) og Norsk Eiendom. Frist for påmelding: 11. februar.

Omgrepa HMS og SHA
HMS femnar helse, miljø og sikkerheit i alle samanhengar kring utføringa av arbeid, og eit HMS-system høyrer til den einskilde verksemda. Arbeidsgjevar er pålagd å arbeide systematisk med HMS for å førebyggje helseskade hjå arbeidstakarane.
Omgrepet SHA vart første gang nytta i byggherreforskrifta som kom ut i 1995. Ei SHA-plan er unik for kvart enkelt bygg- eller eit anleggsprosjekt, og seier korleis ein byggeherre skal ta omsyn til arbeidstakaranes sikkerheit, helse og arbeidsmiljø gjennom prosjektering og gjennomføring av bygge- og anleggsarbeider.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.