Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ein heim for F-35

Dei siste åra har vi jobba dag og natt for å gjera Ørland flystasjon til ein av verdas mest moderne flybaser.

1. Nye hangarar
Det skal byggjast tolv nye hangarar med plass til to F-35 i kvar hangar. Dette er eit omfattande prosjekt som òg inkluderer etablering av rundt 106 000 kvadratmeter vegar, plassar og taksebane. I tillegg skal det byggjast vass- og avløpsanlegg, og opparbeidast grøntareal og vollar mellom hangarane. Byggetid: 2017–2020

2. Fleire meter med rullebane
Hovudrullebanen på Ørland er forlengt frå 2714 til 3000 meter. Dette tilfredsstiller dei nasjonale behova vi har for å kunna bruka både F-16 og F-35, i tillegg til NATO sine krav til banelengd for overvakingsflyet AWACS. Rullebanen skal òg rustast til å betena større transportfly og tankfly. Byggetid: 2016–2017

3. Nytt vedlikehaldsbygg
Bygget har fasilitetar for alle vedlikehaldsbehov knytt til F-35. Det har blant anna hallar for vedlikehald og rom for støttefunksjonar og undervising. Bygget er oppførd i betong og har eit areal på rundt 12 000 kvadratmeter. Byggetid: 2015–2017

4. Nytt skvadronsbygg
Skvadronbygget på 10 000 kvadratmeter er reist i forlenginga av vedlikehaldsbygget i den nordlege delen av flystasjonen. Bygget består av ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35-skvadronar og vedlikehaldsskvadronen. Det skal òg husa åtte F-35-simulatorar. Byggetid: 2015–2017

5. Nye forlegningar
Det vert etablert 500 nye sengeplassar for mannskap og befal på basen. Dei nye forlegningane vil auka komforten for personellet ved basen. Til saman skal det byggjast fire bygg som skal husa befal, verva og vernepliktige mannskap. Byggetid: 2016–2018

6. Forsyningsbygg
Det er bygd eit frittståande lagerbygg til logistikkorganisasjonen til Forsvaret på 2500 kvadratmeter. Arbeida har òg omfatta grunnarbeid og fundamentering og dessutan arbeid utandørs på rundt 6000 kvadratmeter. Byggetid: 2016–2017

Anna infrastruktur
Ørland flystasjon skal verta ein toppmoderne base med høg miljøprofil. Flystasjonen har fått vannbåren varme, noko som har medført omlegging av røyr for vatn, avløp og overvatn til F-35-området, og nye fjernvarme- og fjernkjølerør. Det er òg bygd nye framkomstvegar med gong- og sykkelvegar til området. Byggetid: 2015–2016

Neste stopp, Evenes
Vi har òg ansvaret for å planleggja og byggja ut Evenes flybase. Dette vert ein framskutt base for F-35 og hovudbase for Noregs nye maritime patruljefly, P-8A. Bygginga vil kosta rundt 4 milliardar kroner og inneber ei omfattande oppgradering av dagens bygg og anlegg, i tillegg til ein ny P-8-hangar. Byggetid: 2019–2022

 Tekst og illustrasjon er henta frå magasinet Innsats som vert gjeve ut av Forsvaret.

Ørland flystasjon

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.