Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg på Byggedagene

Når Byggedagene 2017 startar 29. mars inviterer Forsvarsbygg til ein orientering om planlegginga og utbygginga ved Ørland og Evenes flystasjonar, på hotell Plaza i Oslo

Forsvarsbygg utfører på vegne av Forsvarsdepartementet oppdraget med å planlegge og bygge hovudbasen på Ørland i Sør-Trøndelag og ein framskut base på Evenes i Nordland. Med dette oppdraget bidreg Forsvarsbygg med eit godt grunnlag for ei stor omstilling i Luftforsvaret.

Ørland: I snitt omsettast det for ti millionar kroner om dagen ved utbygginga på Ørland flystasjon. Og framleis skal Forsvarsbygg dele ut kontraktar for nærmare tre milliardar kroner. To tredjedelar av kontraktane er ikkje teikna.

Evenes: Forsvarsbygg har nå starta planlegginga av utbygginga av Evenes flystasjon, der det planleggast med investeringar for om lag 4 milliardar kroner i perioden 2017-22.

Forsvarsbygg ser fram til å treffe deltakarane på Byggedagene 2017 - og å gje eit innsyn i forsvarssektorens desidert største utbyggingsprosjekter. Det vil mellom anna bli orientert om komande konkurransar knytt til utbygginga, men og om trongen for fornying og modernisering ved flystasjonane. Totalkostnadene på prosjekta, der i blant fornying og rehabilitering, har nå passert 13,5 milliardar kroner. Etter ein kort presentasjon vert det tid til spørsmål og svar. Sted og tid er: Munch-salen på Plaza onsdag 29. mars, kl.08.30-09.15.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.