Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Informasjon om avvikande flygemønster

Forsvarsbygg vil med dette informere om aktivitet med F-16 med avvikande flygemønster fom. 28.08 tom. 01.09. Bakgrunnen for dette er oppfølgjande undersøkingar av storfe og reaksjonar på flygeaktivitet.

Reguleringsplanens fastsetjingar angjer at det skal bli gjennomført oppfølgjande undersøkingar i landbruket, for å avklare konsekvensar. Forsvarsbygg har derfor, i samråd med landbruksmyndighetane og Mattilsynet, tatt initiativ til oppfølgjande undersøkingar på husdyr og husdyrproduksjon. Dei fyrste undersøkingane blei utført i 2013 og 2014. Les meir om desse i faktaark her.

Atferdsobservasjonar og lydmålinger
Undersøkingane blir gjennomført som atferdsobservasjonar av småfe- og storfebesetningar, samtidig som det blir gjort lydmålingar på nokre utvalgte gardar. Undersøkingane er planlagt og blir gjennomført i regi av Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU). Akustikkfaglige målingar blir utført av Multiconsult.

Flyging med framtidig flykorridor
Ørland flystasjon utfører denne uka flyging etter planlagt framtidig flykorridor. I framtidig flygemønster vil jagerfly ved avgang nordover gjere ein sving vestover over Hoøya og ved avgang sydover vil flya svinge rundt Garten. Det vil ôg bli gjennomført "touch and go", samt landingsrundar på vestsida av flystasjonen knytt til landingane. Ein del avgangar vil gjerast med etterbrennar. Flya tek av og landar på Yankee (taxebane).

Flygeaktiviteten med avvikande flygemønster vil foregå frå måndag 28. august til og med fredag 1. september og er forventa å foregå i dei to normale daglege øktene med omtrentlege tidspunkt:

Formiddag frå kl. 09:30
Ettermiddag frå kl. 12:45

Unngå forstyrring på forskninga
Knytt til atferdsobservasjonar på dyr er det ønskeleg at interessentar ikkje forstyrrar forskaranes arbeide desse dagane. Det blir oppfordra til at dei som ynsker informasjon om undersøkinga ikkje møtar opp på gardene denne uka, men i standen tek kontakt med utøvande forskarar ved NMBU, professor Inger Lise Andersen, eller forskingsassistent, Nina Kalis, for å avtale tid for informasjon om undersøkinga.

Samarbeid med berørte gardsbruk
Undersøkingane blir utført i samarbeid med berørte gardsbruk og gardbrukarar er godt involvert i gjennomføringa av undersøkingane.

Kontaktinformasjon NMBU:

Inger Lise Andersen: tlf. 900 83 226

Nina Kalis: tlf. 951 77 701

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.