Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: Forsvarsbygg har kjøpt Meldalsvegen

Alle dei 20 bustadane i Meldalsvegen på Brekstad er no kjøpt av Forsvarsbygg. Forsvarsbygg tek sikte på å få området omregulert til militære formål, og i alle høve vert minst to av bustadane rive.

Årsaka til at Forsvarsbygg har kjøpt bustadane heng saman med at dei elles ville ha kome i konflikt med traseen til områdesikringa som byggast kring flystasjonen, samstundes som to av bustadane rivast av omsyn til utbygginga av gamle Hårberg skule til idretts- og velferdsbygg. Alle bustadane i Meldalsvegen vil kome til å ligge innanfor dei doble gjerdene som byggast rundt flystasjonen. Forsvarsbygg vurderer kva for tilstand dei resterande bustadane har, mellom anna for å avgjere om fleire skal rivast, eller nyttast til andre føremål.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.