Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Siste opne kontordagar

«Open kontordag» har vore eit tilbod sidan planfasen for utbygginga av kampflybasen. Frå og med november vil rådgjevarane våre nåast gjennom forhåndsbestilling av tid.

Forsvarsbygg skal ivareta dei som vert råka av utbygginga av kampflybasen med god informasjon og dialog. Hausten 2017 opna vi eit nytt prosjektkontor i Brekstad sentrum for å verta meir tilgjengeleg for dei som vert råka av støy. Alle innbyggjarar kan her koma innom og snakka med oss, anten det gjeld støytiltak, grunnerverv eller innløsning av bustad.

Mange spørsmål om støytiltak

Prosjektkontoret i Meieriveien 5 er godt vitja innanfor vanleg åpningstid gjennom heile veka (måndag-fredag 9-15). Dei aller fleste som kjem innom har spørsmål om støytiltak, slik som kontraktar og naborapportar, tidspunkt for tiltak, eller meir byggtekniske spørsmål.

Fram til no har vi i tillegg til ordinær åpningstid hatt «opne kontordagar» med utvida åpningstider kvar måndag til kl. 18.30. Då har rådgjevarane våre på eigedom vore til steda for å svara på øvrige spørsmål om eigedomssaker, slik som innløsning, landbruk, grunnerverv og avhending.

«Open kontordag» sidan planfasen

«Open kontordag» har vore eit tilbod sidan planfasen av utbygginga av kampflybasen for at dei som vert råka av utbygginga skulle få svar på dei lura på når det gjaldt situasjonen sin. Først i lokalane til Ørland kommune og i seinare tid på prosjektkontoret.

-  Vi er no i ein annan fase. Vi har kome langt i prosess med innløsning og situasjonen for mange er no meir avklart. Det gjenstår berre ca. 20 eigedomar som ikkje er i prosess, inklusivt boenheter på landbrukseigedomar. Når det gjeld landbruk er det enno mykje som gjenstår, men vi har etablert kontakt med kvar enkelt dette gjeld, seier eigedomssjef Carl Oscar Pedersen. 

Avtaler utanom vanleg åpningstid

På bakgrunn av få besøk på dei utvida åpningstidene og at dei aller fleste spørsmål omhandlar støytiltak, ser vi at behovet for at vi er tilstades no er dekt innanfor ordinær åpningstid. Vi vil difor avslutta dei utvida åpningstidene på måndagar frå og med november 2018.

Siste «opne kontordag» vil vera måndag 29. oktober.
Våre ordinære åpningstider held fram som før: måndag - fredag 9-15.

Våre rådgjevarar på eigedom vil likevel framleis vera tilgjengeleg gjennom e-post og ved forhåndsbestilling av tid, òg utanom vanleg åpningstid.

Vil du snakka med ein rådgjevar om innløsning, grunnerverv eller avhending, send oss ein e-post eller ta direkte kontakt med vår kontormedarbeider på prosjektkontoret vårt.

-  Alle som vert råka av utbygginga er framleis hjerteleg velkomne til å stikka innom prosjektkontoret med spørsmåla sine. Vi rutar spørsmåla vidare til aktuell person og følgjer opp saka så raskt vi kan! avsluttar Pedersen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.