Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: Husdyrhald i raud støysone kan førast vidare

Husdyrundersøkinga for storfe konkluderer med at kampflyas visuelle effekt har betyding, og at det er nødvendig med individuelle vurderingar av besetningane. Tiltak for å auke dyrevelferda blir anbefalt.

Som ein del av oppfølgjande undersøkingar etter konsekvensutgreiinga for Ørland flystasjon, har Forsvarsbygg tatt initiativ til å undersøke husdyr og husdyrproduksjon med storfe i raud støysone.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har hatt det landbruksfaglege ansvaret for undersøkinga, leda av professor Inger Lise Andersen og med Nina Kalis som prosjektmedarbeidar. Gardbrukarane, lokal og regional landbruksforvalting og Mattilsynet har vore viktige samarbeidspartnarar og Multiconsult har stått for akustikkfaglige målingar.

Undersøkingar sidan 2013

Formålet med Husdyrundersøkinga har vore å få kunnskap om korleis storfe reagerer på forstyrringar ifrå flyaktivitet. Sidan 2013 har det i fleire omgangar blitt gjort observasjonar av besetningar, kombinert med støymålingar. Dei første undersøkingane med F-16, deretter ei undersøking med det nye flygemønsteret, men med F-16 og F-18.

Reaksjonar på F-35

Då det har vore eit mål å få meir kunnskap om korleis dyra reagerer på flystøy etter innfasing av nye F-35 kampfly, blei det i veke 23 i år gjort nye registreringar inklusivt støymålingar av avgangar og landingar med F-35. Gjennom veka letta det mellom to til fire fly per dag. Ved avgang nordover, svinga flya stort sett vestover over Hoøya, i tillegg til flyging rett fram ved enkelte avgangar. Alle F-35 flaug utan last eller etterbrennar, men med fullt motorpådrag.

11 besetningar med 278 dyr blei registrert

I undersøkingsveka blei det gjort åtferdsobservasjonar av totalt 11 besetningar og det blei observert 278 dyr. Dyra blei observert i samband med takeoff, overflyging og landing. Det vart spesielt lagt vekt på kyrnes beiteåtferd og alle typar reaksjonar på avgang og overflyging, ifrå orienteringsresponsar til klare flukt og stressreaksjonar. Spesielt ved overflyging og endringar i flygemønster blei det i nokre besetningar og hos ein del dyr registrert sterke fryktreaksjonar.

Kampflyas visuelle påverknad og behov for individuell vurdering

Dyr som har vore innandørs har ikkje under nokre omstende i alle år reagert særleg på flystøy. Faktisk har hjartefrekvensmålingane gitt større utslag på hendingar i fjøset som fôring enn ved flyavgangar. Det blei vidare funne at dB-nivået i seg sjølv ikkje er forklaring nok på reaksjonane til dyra og at vaksne kyr - så vel som kalvar - innhenta utanfor støysona, tilpassar seg relativt raskt.

Det blir konkludert med at kampflyas visuelle effekt, spesielt ved overflyging, kan ha vel så stor betyding som støynivåa i seg sjølv, og at det vil vere sentralt med ei individuell vurdering av kvar besetning. 

Leskur som tiltak for auka dyrevelferd

Leskur på beite blir anbefalt prøvd ut hos dei meste utsette besetningane i raud støysone.

- Resultata viste at dyra som hadde moglegheit til å søke tilflukt i fjøset eller i eit leskur trekte dit viss dei vart skremde. Vi anbefaler at ein undersøker om eit slikt leskur kan auke dyrevelferda i raud støysone. Eit slikt tiltak for dei meste utsette besetningane vil vere avgjerande for å betre sameksistensen for kampfly og husdyr i støysona, seier professor Inger Lise Andersen ved NMBU.

Ho legg til:

- På grunn av fluktreaksjonane til dyra på beite meiner vi at eit fortsett husdyrhald i raud støysone vil vere mest forsvarleg dersom dyra har fluktmoglegheiter og at bøndene kan bu på gardane sine, slik at dei kan vere til stades ved uføreseieleg flyging og endra flygemønster. 

Uvurderleg innsats av NMBU

- Dette arbeidet har vore viktig og det flott at det no er landa ein konklusjon. Innsatsen som NMBU og dei andre samarbeidspartnarane har gjort i denne undersøkinga har vore uvurderleg, seier Carl Oscar Pedersen, eigedomssjef ved Forsvarsbygg kampflybase.

Undersøkingar i framtida kan bli aktuelt

I tillegg til konklusjonen om den synlege verknaden til kampflya og individuell vurdering, summerer rapporten òg opp med at flygeaktiviteten per i dag ikkje kan reknast som representativ for flygeaktiviteten i framtida.

- Resultata fastslår at det er fullt mogleg å drive husdyrhald i støysona med dagens flygeaktivitet, men det er viktig å påpeike at dette nødvendigvis ikkje gjeld dersom aktiviteten blir vesentleg større med F-35 med mange flyavgangar og fullasta fly med etterbrennarar, seier Inger Lise Andersen.

For å få svar på korleis husdyra reagerer når flystasjonen er i full drift med F-35, kan det bli aktuelt å følgje opp med fleire undersøkingar i framtida.

- Denne vurderinga vil vi ta i samarbeid med NMBU og involverte aktørar, avsluttar Carl Oscar Pedersen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.