Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilrår løyvingar til kampflybase

Forsvarsdepartementets proposisjon, Prop. 123 S (2016-2017), om investeringar i Forsvaret vart sendt over til Stortinget i dag. Proposisjonen syner at regjeringa tek til orde for løyvingar til fleire nye investeringsprosjekt i samband med utbygginga på Ørland flystasjon.

Ørland – støytiltak på Forsvaret sine bygningar på flystasjonen
Prosjektet for gjennomføring av støyreduserande på bygningar med støysensitivt bruksføremål inneber å gjere bygningsmessige tiltak på bygningar inne på basen med eit støyømfintleg bruksføremål, som ikkje oppfyller krava til innandørs lydnivå og/ eller arbeidsmiljølova.

Det er rekna med eit behov for tiltak på inntil 47 bygningar inne på Ørland flystasjon. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 218 mill. kroner medrekna meirverdiavgifta og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er på 183 mill. kroner.

Ørland – tiltak for å redusere støykonsekvensane for omgjevnadene
Prosjektet for å gjennomføre støyreduserande tiltak utanfor baseområdet til hovudbasen på Ørland er inndelt i tre underprosjekt:

  • Innløysing av bygningar og eigedomar utanfor baseområda med støysensitivt bruksføremål i samsvar med dei gjevne grenseverdiane frå reguleringsplanen.
  • Avhending, riving eller sikring av bygningar og eigedomar som vert innløyste.
  • Gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål utanfor baseområda i samsvar med dei gjevne grenseverdiane i reguleringsplanen.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 320 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 1 110 mill. kroner.

Ørland – nye hangarar for F-35 kampfly
Hangarprosjektet inneber bygging av tolv hangarar, kvar med plass til to F-35, med ein robust konstruksjon som gjev tilstrekkeleg tryggleik mot inntrenging og godt vern mot ytre påverknad.

Hangarane må stå klare seinast våren 2020 for at skiftet frå F-16 til F-35 kan gå som planlagd. I tillegg til desse hangarane vil vedlikehaldsbygget og verte nytta til å huse F-35 i den daglege verksemda ved Ørland flystasjon. Dei resterande F-35 vil førebels verte lokaliserte i den eksisterande bygningsmassen ved Ørland flystasjon og på Evenes.

Departementet føreslår difor at prosjektet vert godkjend med ei samla bygging av dei tolv hangarane slik planen har vore. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Prosjektet for etablering av hangarløysing for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 2 266 mill. kroner medrekna innreiing, IKT-utstyr og meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 2 044 mill. kroner.

Ørland

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.