Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Inngår kontrakt om befalskvarter på Ørland

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med HENT AS om oppføring av befalskvarter på Ørland flystasjon.
– Avtalen om oppføring av befalskvarter er ein viktig del av utviklinga av Ørland flystasjon, og vil bidra til å dekkje behovet for bustadar til befal og verva personell, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggingssjef i Forsvarsbygg.

Etter vedtaket om å etablere kampflybasen på Ørland er det satt eit styrka fokus på omfang, standard og storleik på forsvarsbustadane rundt omkring i kommunen, i tillegg til kvarter inne på basen.
- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsetjinga om å skape bu- og arbeidslyst for dei som jobbar på Ørland. Vi er nøgde med interessa for oppdraget, og det er gledeleg at eit firma med regional tilknyting når heilt til topps i anbodskonkurransen, seier Moldstad.

Kontrakten med HENT AS er ein totalentreprise. Befalskvarteret som skal oppførast består av tre bygningar, to befalsforlegningar , som knytast saman med eit bygg med felles fasilitetar. Dette dannar soleis eit tun mot eit anna og nytt befalskvarter, som ferdigstillast juli 2017.

Forlegningane utgjerast av to etasjar med loft og utan kjeller, 3460 kvm BTA. Total kapasitet er 72 kvarter, der 12 er tilpassa særlege krav om tilgjenge. Alle kvarter som tilfredsstiller serkrava om tilgjenge er plassert i ein av befalsforlegningane som og er utstyrt med heis.

Byggestart er planlagd i sommar, med ein byggetid på 12 månader.

Kontraktsum er kr 99 875 000,- inkl mva.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.