Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Startar med forhandlinger for landbrukseigedomAr

Vi startar opp med forhandlingar for landbrukseigedomar som vert berørt av den nye kampflybasen på Ørland. I forhandlingane vil partane sjå nærare på korleis den enkelte vert berørt.

Den nye nasjonale kampflybasen vert i hovudsak etablert på dagens areal for Ørland flystasjon i Ørland kommune. Etablering av basen vil medføra ei vesentleg utbygging av flystasjonen, med blant anna forlenging av rullebanen.

I dag er Ørland flystasjon basa for om lag 1/3 av jagarflyflåten, men flystasjonen vil byggjast ut for å betena størstedelen av den norske flåten av jagarfly. Det nye flyet F-35 avgir meir støy enn dagens F-16 og i tillegg vil det verta fleire avgangar. For å redusera støybelastningen for omgivnadene er flygemønsteret lagd om slik at belastningen for omgivnadene vert redusert.

Viktig næring

Landbruket på Ørland er viktig og vi har heile tida hatt fokus på ivaretakelse av landbruket, med ein målsetning om at mest mogleg areal skal dyrkast, både innanfor og utanfor flystasjonen sin gjerda. For utviding av flystasjonen har Forsvarsbygg hatt behov for ca. 650 daa nytt areal. Vi kjøpte opp erstatningsjord for å tilby alle av grunneigarane som vart rørt makeskifte.

Vi meiner at landbruket på Ørland i hovudsak kan drivast som før med nye kampfly. Vel gårdbruker å få bustaden innløyst, meiner vi at drifta i stor grad kan halda fram. Det har fram til no vore ein betydeleg mjølkeproduksjon ved flystasjonen med jagarflyaktivitet og det er svært få husdyrbruk som vil få eit framtidig berekna lydnivå som overstig dagens høgaste for husdyrbruk (MFNday 106 dB).

Innløsning av bustad

Totalt er det 33 gardsbruk som ut frå beregningene vil ha krav på tilbod om kjøp. I tråd med reguleringsbestemmelsene er det berre støyfølsom busetnad som vert tilbode kjøp og for gardsbruk er det difor berre våningshus, og evt kårbolig, som vert tilbode kjøp. Vi vil i tillegg kunna gje kompensasjon for dokumenterbare og etterprøvbare ulemper for landbrukseigedomar - der våningshus vert kjøpt og fraflyttet.

Startar med forhandlingar

Vi startar opp med forhandlingar for landbrukseigedomar som vert rørt av den nye kampflybasen på Ørland no i november. I tråd med avtalt fremdrift har vi i samarbeid med grunneigarlaget gjennomført taksering av bustader på landbrukseigedomar sommaren 2017 . Vi starta òg i haust med synfaringar med tanke på eventuelle næringsulemper. I forhandlingane vil vi sjå nærare på korleis den enkelte vert rørd og det vert forhandla både om innløsning av boenheten og kompensasjon for eventuelle ulemper ved å bu utanfor støysona og enno drifta gardsbruket. I første omgang vil forhandlingane pågå i vinter, medan dei attverande vil få forhandlingar etter sommaren 2018 .

Innløsning frivillig

Innløsning er eit frivillig val. Dersom grunneigaren ynskjer å verta buande, vil eigaren i tråd med reguleringsbestemmelsene få tilbod om støyreduserende tiltak, dersom bustaden har eit støynivå over 42 desibel innandørs. Støytiltak på bustader på landbrukseigedomar i raud støysone vert planlagt å gjennomførast i 2018/2019 .

Konklusjonar frå delrapport husdyrundersøkingar Vi er i samsvar med reguleringsplanen forplikta til å gjennomføra oppfølgende undersøkingar for å avklara konsekvensar for landbruket.

I samarbeid med gårdbrukarar, lokal og regional landbruksforvalting og Mattilsynet, har Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) gjennomført oppfølgande undersøkingar på husdyr og husdyrproduksjon. Dei første undersøkingane vart gjord i 2013 og 2014, der ein gjennom observasjonar og støymålingar søkte å få kunnskap om korleis storfe reagerte på forstyrrelser frå flyaktivitet.

I veke 35 i år vart det gjennomført undersøkingar der det vart floge etter nytt flygemønster med F-16, for å sjå om det nye flygemønsteret skapte reaksjonar hos dyra.

I rapporten frå desse siste undersøkingane oppsummerast det med at flystøy i samband med utprøving av det framtidige planlagde flygemønsteret berre i enkelte tilfelle førde til åtferdsendringar hos vaksne storfe, men at det vart registrert fryktreaksjonar hos nokre kalvar.

Delrapporten konkluderer med at det er dyrevelferdsmessig forsvarleg å ha dyr på beita i samband med vanleg vekentleg flyging med to flyavgangar etter framtidig flygemønster med F-16, men reaksjonane til dyra kan variera for ulike besetningar sjølv om lydnivåene er dei same.

Les delrapporten frå uke 35 2017 her.

Fleire undersøkingar med dei nye F-35 vert planlagt å gjennomførast. Målsetninga er å ha tilfredsstillande undersøkingar i løpet av 2018.

 

Kart

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.