Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: kontrakt om støytiltak innen på basen

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med HENT AS om gjere bygningsmessige tiltak på støyømfintlege bygg inne på Ørland flystasjon.
– Avtalen er ein viktig del av utviklinga av Ørland flystasjon, og vil bidra til å trygge eit godt arbeidsmiljø inne på flystasjonen, seier Jens Levi Moldstad, utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Prosjektet «Støytiltak på bygg inne på basen» skal ta vare på brukars behov for eit godt arbeidsmiljø inne på flystasjonen. Krav til innandørs lydnivå er gjeve i føresegner til reguleringsplana for Ørland Flystasjon samt Arbeidsmiljølova. Prosjektet sitt føremål er å gjennomføre tiltak slik at føresegner knytt til innandørs lydnivå er oppfylt.

Dette inneber å gjere bygningsmessige tiltak på bygningar inne på basen med eit støyømfintleg bruksformål, som ikkje fyller krava til innandørs lydnivå og/eller arbeidsmiljølova. Denne kontrakten gjeld tiltak på tak/fasade/skifte av vindauger og ventilar mm. Type og omfang av tiltak kjem an på utandørs støynivå, byggets lyddempande eigenskapar derunder konstruksjon og standard, samt byggets plassering og tiltenkte bruk/aktivitet.

Eksisterande byggemasse som har krav på støytiltak i denne entreprisa er:

  • Forlegningar og kvarter
  • Kontorar
  • Verkstadar

Totalt skal det utførast tiltak på 14 bygg. Byggestart finn stad i mars, med ein byggetid på ti månader. Kontraktsum er kr 16 010 713,- inkl. mva.

Ørland flystasjon

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.