Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vi kartlegg forureining i Åsegarden leir

Alliert treningssenter i Åsegarden leir, Harstad, skal avhendes. No vert miljøforureining inne på området kartlagt.

Vi gjennomfører no miljøkartlegging av Åsegarden leir. Resultatet frå kartleggingen skal vera klår frå Multiconsult innan utgangen av oktober.

Tiltakplan

– Vi reknar med å finna blyforurensing i jorda etter aktivitetane ved skytebanen i leiren. Den miljøtekniske undersøkinga skal vera klår innan 1. desember i år, og på bakgrunnen av dette vert det utarbeidd ein tiltakplan. Risikovurderinga vert òg utarbeidd med tanke på kva for arealbruk som skal vera i Åsegarden i framtida, fortel prosjektleiaren vår for miljøkartleggingen Arne Eriksen.

Jordprøver tre meter ned i bakken

Det er Multiconsult utfører miljøkartleggingen på vegne av oss. I eit tørt og fint høstvær systematiserer miljøgeolog Anne Kristine Søvik og boreleder Trond Inge Lundblad jordprøvene som vert teke opp.

Dei borar to til tre meter ned i bakken og tek opp jordprøver. – Det er ikkje uvanleg å finna forureining her ved bensinstasjonen inne i leiren, seier Anne Kristine Søvik. Her har det vore aktivitet i årtier. I tillegg skal det takast prøver ved to skytebaner som ligg i utkanten av leirområdet. Og dessutan ei flystripe som ligg utanfor leiren, på vegen inn mot Sørlia.

Verksemda ved Åsegarden avviklast innan utgangen av 2019

I iverksettingsbrev til Forsvarssektoren 2017-2020 står det at alliert treningssenter ved Åsegarden skal avviklast innan utgangen av 2019. Dette inneber at Forsvaret innan utgangen av 2019 ikkje lenger vil ha verksemd og arealbrukinteresser ved Åsegarden med påfølgjande avhending.

Åsegarden leir i Harstad

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.