Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Freding av Fredriksvern verft

Onsdag 29. juni kl. 18.00 vil Riksantikvaren formelt vedtaksfrede Fredriksvern verft etter kulturminneloven.

Forsvarsbygg ferdigstilte i april 2006 ein verneplan for Fredriksvern verft. Denne planen har lagt grunnlaget for Riksantikvarens freding av verftet. Formålet med fredinga av Fredriksvern verft er å sikre og bevare eit forsvarsanlegg som i nasjonal samanheng har hatt stor verdi både riks-, militær- og arkitekturhistorisk sett, uttaler riksantikvar Jørn Holme.

Freding til allmenn glede

Forsvarsbygg har sidan 2002 hatt ansvaret for forvaltning og utvikling av festningane på oppdrag frå Forsvarsdepartementet. I 2006 ferdigstilte Forsvarsbygg ein verneplan for Fredriksvern verft. Denne planen har lagt grunnlaget for Riksantikvarens freding av verftet. Festningane er blant dei viktigaste kulturminna vi har, og har ein sentral plass i norsk historie. Derfor er det Forsvarsbyggs mål at festningane skal vere opne, tilgjengelege og attraktive for alle besøkjande som vil oppleve dei.

Fredriksvern verft merkjer seg i dag ut med ei historisk rolle og ei utforming som skil seg frå dei andre festningane frå både tidlegare og seinare periodar. Anlegget er i dag eit av dei best bevarte militære anlegga frå barokktida i Danmark-Noreg. Formålet er derfor ei heilskapleg bevaring og forvaltning og at den visuelle og funksjonelle samanhengen mellom det forskansa verftet og dei enkelte objekta blir oppretthalden og styrkt. Fredinga skal sikre både fortifikatoriske anlegg, bygningar, uteareal, den innbyrdes samanhengen mellom dei og kulturhistoriske verdiar knytte til anlegget som heilskap. For det enkelte byggverket skal fredinga sikre både opphavlege element og seinere tilføyingar dersom desse blir vurderte å vere kulturhistorisk verdifulle uttrykk for ei historisk utvikling.

Det fortifiserte orlogsverftet stod ferdig i 1758 og blei etter 1814 hovudstasjon for den norske flåten. Fredriksvern verft har derfor vore av stor strategisk verdi for Forsvaret. I moderne tid har festninga utvikla seg til ein kulturarena, open for ålmenta med kunst- og kulturarrangement. I tillegg er festninga eit dagleg rekreasjonsområde for alle dei som er så heldige å bu i nærleiken. Det kjem ikkje som noka stor overrasking at Fredriksvern verft er eit opplagt fredingsobjekt. Verftet er eit fantastisk nasjonalt kulturminne, uttaler Nina Eidem direktør i Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.