Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Funn av radon på Oscarsborg festning

Det er funne radon i einskilde bygg på Oscarsborg festning. Forsvarsbygg Nasjonale Fest-ningsverk tek funna på alvor og følgjer tilrådingane frå Statens strålevern. Det er difor sett i gang eit omfattande måleprogram på festninga. Det er dessutan sett i verk mellombelse tiltak som allereie ser ut til å fungere.

Forsvarsbygg set i verk mellombelse tiltak etter ”føre var”-prinsippet

Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk har utført korttidsmålingar av radon i fleire bygg på Oscarsborg festning. Målingane viser vesentleg forhøgde radonverdiar i einskilde bygg. Forsvarsbygg følgjer difor tilrådingane frå Statens strålevern og har sett i verk mellombelse tiltak som allereie ser ut til å fungere.  Tiltaka blir følgde opp med nye målingar.

Følgjer tilrådingane frå Statens strålevern

Statens strålevern tilrår at radonmålingar blir utførte som langtidsmålingar. Difor har Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk sett i gong eit omfattande måleprogram som vil gå føre seg over ein periode på 3–6 månader, i tillegg til at ein leitar etter årsaka til radonproblemet. Det er difor for tidleg å konkludere med eksakt kva for radonnivå som gjeld.

Forsvarsbygg vil på grunnlag av funna vurdere kva for permanente tiltak som skal setjast i verk. “Kva slags tiltak som kan vere aktuelle vil variere etter byggtype, ventilasjonstilhøva og grunntilhøva”, seier Lloyd Klüwer, festningsforvaltar i Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk.

Radon er ein usynleg og luktfri gass som kontinuerleg blir danna i jordskorpa. Radonkonsentrasjonen vil normalt vere låg utandørs, og det oppstår difor først helsefare når gassen siv inn og blir konsentrert i innemiljøet vårt. Det er først når verdiane blir for høge over tid at dei kan utgjere ein helserisiko. “Vi har difor ingen informasjon som tilseier at det kan vere farleg for publikum å vitje Oscarsborg”, seier festningsforvaltar Lloyd Klüwer.  “Dessutan ser det ut til at  tiltaka som er sette i gang, med betre utlufting og ventilasjon, fungerer som dei skal”, avsluttar han.

For meir informasjon, kontakt:

Lloyd Klüwer, festningsforvaltar Oscarsborg: Mob: 901 60 365
Cecilie Jentoft, Kommunikasjonssjef i NFV: Mob: 911 13 667

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.