Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Riksantikvaren freda Fredriksvern verft

Onsdag 29. juni vert Fredriksvern verft offisielt freda av riksantikvar Jørn Holme utafor kommandørbustaden, til salutt frå Tordenskiolds soldatar.

- Dette er ei historisk dag, der vi markerar for Fredriksvern, Stavern, Vestfold og Noreg at dette er eit område med høg nasjonal verdi, uttalde ein nøgd Riksantikvar, som ifølgje Østlands-posten har eit nært og varmt forhold til verftet.

Riksantikvar Holme seier det ikkje er sikkert at fredingsprosessen stopper ved vollgravene. – Vi vil også starte ei fredingsprosess for byggingar utafor sjølve verftet, for det er viktig å sjå på Fredriksvern som ein heilskap.

Image "copy-of-dsc_0549.jpg" without description
                          

 - Bruk er det beste vern.

Ordførar Øyvind Riise sa i sin avsluttingstale at freding ikkje lenger er synonymt med museum, noko direktør Nina Eidem Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk også uttrykte i sin opningstale. – Bruk av bygningane er det beste vern, erklærte ho for det frammøtte publikummet.

Sjå direktør Nina Eidems tale her

- Dette er ein tydeleg manifestasjon på at Fredriksvern verft er av nasjonal verdi. Vi ser ein stadig aukande regional interesse for området, og hadde besøksrekord med 200 000 besøkande fjor. Kanskje vi slår den rekorden i år, sa direktør Eidem i Forsvarsbygg Nasjonale Festningsverk til Østlands-posten.

Les meir om Fredriksvern verft her.

Image "img_8664.kombolig.x..jpg" without description

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.