Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Riksantikvaren ønskjer å frede Møvik fort

Riksantikvaren ønskjer å frede fortet på Møvik, og har send framlegg om fredingsforskrift til Kristiansand kommune.

Omfanget av fredingsplanane gjeld alle byggverk Forsvarets eie, som er kategorisert som Verneklasse 1 i Verneplan Møvik, skriv Riksantikvaren i eit brev til Kristiansand kommune.

Fredingsframlegget omfattar tre enkeltobjekt, men også store delar av dei omkringliggjande områda, da heile fortsområdet med utgangspunkt i dei naturgjette føresetnadane utgjør ein gjennomtenkt og integrert fortifikatorisk heilskap med ulike type bunkre, kommandoplassar, observasjonspostar, springegraver, nærforsvarstillingar, sperringar, vegnett, skinnegang, tunellar, trappar, tuftar, stigar etc.

Fredingsplanane gjeld heile fortsområdet og nokre byggverk, ikkje berre Kanonmuseet eller museumsområdet, skriv Riksantikvaren  i innstillinga..

Føremålet med fredinga av Møvik fort er at det skal væra, også for framtida, ei kjelde til dokumentasjon og oppleving av okkupasjonstidas utbygging, omfang og følgjande det fikk for lokalbefolkninga, arbeidarar og krigsfangar.

Den visuelle og funksjonelle samanhangen mellom hovudelementa i anlegga skal oppretthaldas og styrkjast.

Fortet har fire kanonstillingar med bunker – éin intakt kanon, to tomme kanonbrønnar og ein tom kasematt – som utgjer dei visuelle tyngdepunkta på fortsområdet.

Kanonen er ein av dei største i verda med sin 38 cm kaliber. Kanonløpet aleine veg 110 tonn og er nærmare 20 meter langt. Rekkjevidda er opp til 55 kilometer.

Fredinga skal sikre fortifikatoriske anlegg, byggverk, uteareal, deira innbyrdes samanhang og kulturhistoriske verdiar knytte til anlegga som ein heilskap, skriv Riksantikvaren i sitt framlegg til fredingsforskrift.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.