Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ein garasje utanom det vanlege

I Horten er «Garasjetorget på Karljohansvern» blitt ein snakkis; både ein sosial møteplass og ein arena for kultur- og næringsutvikling.

Karljohansvern har alltid vore eit attraktivt rekreasjonsområde for lokalbefolkninga, med Marinemuseet og Preus museum som trekkplaster og midtpunkt for dei kulturinteresserte.

Liten idéball blei langsiktig prosjekt

Karljohansvern dekkjer eit stort areal med plass til mange aktivitetar, og lokalsamfunnet ga etter kvart uttrykk for at det måtte skje noko meir her. Sakte men sikkert byrja ein liten idéball å rulle. Eit lite prosjekt har utvikla seg til å bli eit større og meir langsiktig prosjekt som framleis har stort utviklingspotensial. Garasjetorget, som ligg innanfor verftsmurane, blei etablert i 2011 og har gjeve heile Karljohansvern eit nytt løft. I dag er det kafé, butikk, kunsthandverkarar, tehus og galleri på Garasjetorget, og i løpet av kort tid har dette trekt til seg nye besøkjande og skapt masse positiv merksemd kring Karljohansvern.

Lokal verdiskaping

Eit av oppdraga til Forsvarsbygg nasjonale festningsverk er å leggje til rette for ny bruk gjennom eksterne samarbeidspartnarar. Etableringa av Garasjetorget er eit godt døme på korleis ein gjennom ei bevisst og strategisk tilnærming kan utvikle ein arena saman med lokale næringsaktørar, samstundes som ein greier å kombinere festninga sitt verdigrunnlag med lokal verdiskaping.

– Visjonen vår var å utvikle ny aktivitet som byggjer opp under den eksisterande verksemda på området, både innanfor verftsmurene og på heile Karljohansvern, seier festningsforvaltar Therese Svartsund, og held fram:

– Større aktivitet gjev grunnlag for at fleire kan etablere seg, og så langt er det skapt fleire lokale arbeidsplassar i skjeringsfeltet mellom næring og kultur.

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk sine midlar er primært øyremerkte til vedlikehald. Dette avgrensar moglegheitene for å prosjektere bruksendring for (rå-)lokale. Prosjekt Garasjetorget er såleis resultatet av eit spleiselag mellom Forsvarsbygg og dei aktuelle aktørane.

Fruktbart samarbeid

Forankringa i lokalsamfunnet er eit godt utgangspunkt når ein skal leggje til rette for samarbeid mellom ulike aktørar. Det blei difor oppretta eit eige utviklingsråd, som er sett saman av ein profesjonell kunstnar, næringssjefen i Horten kommune, ein tilsett ved Preus museum, ein leigetakar og festningskontakt Britt Alice Hjelmeland. Rådet blei leia av festningsforvaltaren, og hadde som hovudoppgåve å velje ut ein god miks av aktørar.

Therese Svartsund forklarer:

– Vi starta med ein idédugnad der vi blei samde om kva kriterium som skulle oppfyllast for å bli ein Garasjetorg-aktør. Vi la vekt på publikumsretta aktivitetar med faste opningstider, i tillegg til høg fagleg kvalitet og ei oppmoding om å bidra til godt samspel med dei andre aktørane.

Utveljingsprosessen gjekk føre seg i to fasar i 2011 og 2012, og utvalet har blitt ein fin miks av kunst, handverk, foto og små næringar. Aktørane på Garasjetorget er svært ulike, men dei har til felles eit brennande engasjement og eit ønske om å skape noko. Garasjetorget er blitt ei profilert merkevare med mange besøkjande.

– Publikum har fått eit supplement til musea, og vi opplever at grupper deler seg opp ut frå ulike interesser og møtast i kafeen på Garasjetorget etterpå. Nokre går på Preus museum, nokre går i ubåten, medan andre smakar på kinesisk te, oppsummerer ein nøgd festningsforvaltar.

Ei suksesshistorie

Aktørane representerer i dag ein kreativ kompetanse som kan gje grobotn for enda meir utvikling. Det er framleis ledige lokale på området som kan leggjast til rette for meir aktivitet.

Med etableringa av Garasjetorget har ein òg skapt ein arena for fleire sesongbaserte publikumsaktivitetar. I fjor sommar blei det arrangert open marknad på Garasjetorget med bruktsal og heimeproduserte varer. Marknaden bidrog til å trekkje publikum innover i området, og har trekt til seg heilt nye målgrupper. Plassen blir òg brukt som arena for den årlege julemarknaden, som er ei lokal storhending. Alt er viktige bidrag til positiv lokal verdiskaping og for å trekkje besøkjande. Publikumsbesøket har faktisk auka med over 25 prosent i perioden frå 2010 til 2012.

Aktørane på Garasjetorget

• To frustrerte fruer, kafé og bruktbutikk
• Gullsmed Camilla Johansen
• Vigdis B. Jacobsen, biletkunstnar
• Anders Moss, kunstnar
• Lisbeth Sagen Lundin, keramikar
• Blackbay Tea & Gallery
• Doppler Film
• A Doll’s House Prosjektrom

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.