Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kongsvinger festning "relansert"

13. august 2013 vart ‘nye’ Kongsvinger festning markert med forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen til stades. Nye og spanande aktørar inntek festninga for å bidra til å skape ei levande festning.

Foto: Trond Enemo, Forsvarsbygg
Fra venstre:  Direktør Forsvarsbygg utvikling Roger Jenssen, adm.dir Forsvarsbygg Frode Sjursen, direktør Forsvarsbygg nasjonale festningsverk Nina Eidem, statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen, distriktssjef Forsvarsbygg nasjonale festningsverk Thorbjørn Holth, festningsforvalter Jonny Oscar Fjeld (bak).
 

Kring 360 år etter at bygginga av Kongsvinger festning blei starta for første gong, er store delar no rehabiliterte og viser seg i ny prakt. Gjennom fleire prosjekt med ein samla verdi på nær 160 milli-onar kroner* har ein sett i stand viktige historiske bygningar på festninga og lagt til rette for ny bruk.

Nytt liv på historisk grunn
Det er Forsvarsbygg si oppgåve å syte for levande og opne festningar, og denne oppgåva blir utført med respekt for historia og på kulturminna sine vilkår. Forvaltinga inkluderer vern av kulturminna, dagleg drift og utvikling i nært samarbeid med offentlege styresmakter og kultur- og næringslivet.

Kongsvinger festning har no eit breitt tilbod til mange ulike målgrupper. Gjennom Hedmark Fyl-kesmuseum, Norsk fengselsmuseum, Kongsvinger festningsmuseum, Kongsvinger turistinformasjon og eit unikt og moderne festningshotell og restaurant, ligg alt no til rette for at festninga kan brukast året rundt.

"Vi er veldig glade og stolte over å ‘gjenopne’ Kongsvinger festning. Det betyr mykje at Forsvars-sektoren løyver monalege midlar til vedlikehald og utvikling av nokre av dei aller viktigaste kultur-minna i landet’, seier Thorbjørn Holth, distriktssjef for Forsvarsbygg nasjonale festningsverk. "Bruk er det beste vernet, og vi ventar at besøket til Kongsvinger festning no vil auke ein god del, noko som igjen vil gje positive lokale og regionale ringverknader," avsluttar han.

Tradisjonelle metodar og miljøvenlege løysingar
Det er gjort restaureringsarbeid over store delar av festningsområdet. Den gamle kasernen frå 1773 er bygd om til eit unikt festningshotell. Kommandantboligen frå 1683, som er den eldste bygningen på festninga, blir ny restaurant, og delar av bygningen Slaveriet blir innreia for matser-vering. Det er brukt moderne og miljøvenlege energiløysingar.

Alt arbeidet på festninga er gjort på ein forsiktig måte, i nært samarbeid med Riksantikvaren og med tradisjonelle metodar. Festninga er tilbakeført til den originale standarden så langt det let seg gjere. Dette gjev dei beste resultata og er med på å halde handverkstradisjonar i hevd.

Kongsvinger festning er det best bevarte barokke festningsanlegget vi har, og blei formelt freda av Riksantikvaren i november 2009.

Vidare vedlikehaldstiltak
Vedlikehaldsarbeida ved Kongsvinger festning vil halde fram både på bygningar og murar i åra som kjem. Dei 14 nasjonale festningane utgjer nokre av Noreg sine viktigaste kulturminne, og er ein del av den nasjonale kulturarven. I perioden 2009–2015 vil forsvarssektoren bruke meir enn 700 MNOK på å setje i stand murar og bygningar på festningane rundt om i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.