Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kristiansten festning i ny prakt - klar for innrykk av besøkjande og nye opplevingar

Det er 330 år sidan bygginga av Kristiansten festning blei starta, og no har festninga fått eit skikkeleg lyft og viser seg i ny prakt. Festninga er rehabilitert for 60 millionar kroner, og det er venta at besøkstala vil stige.

Byen sitt andlet utad
Kristiansten festning er eit landemerke og symbol for byen. Militær ingeniørkunst har bidrege til Trondheim sin status som teknologihovudstad, med festninga som spydspiss på åsen over Domkyrkja. Det har blitt gjort omfattande restaureringsarbeid på festningsområdet sidan 2009, og festninga viser seg no i all si prakt til glede for både tilreisande og byen sine eigne innbyggjarar. Murane er sette i stand og sikra, og besøkjande kan igjen vandre på opne stigar på festninga og nyte den svimlande flotte utsikta mot byen bak nye vollprofilar.

Nytt liv på historisk grunn
Forsvarsbygg si oppgåve er å syte for at festningane er levande og opne, og å gjere dette med respekt for historia, i tråd med fredingsføresegnene og med respekt for dei historiske verdiane som krev at all restaurering og alle tiltak blir gjennomførte på kulturminna sine premiss. Forvaltinga inkluderer vern av kulturminna, dagleg drift og utvikling i nært samarbeid med offentlege styresmakter og kultur- og næringslivet.

"Nær 140 000 menneske besøkjer Kristiansten festningsområde kvart år. No ventar vi at besøkstalet til festninga vil auke", seier distriktssjef Hilde Herberg,. Festningsområdet byr på meir enn unike rekreasjonsmoglegheiter. I Donjonen er det utstillingar som skildrar den historiske utviklinga til festninga, og ei ny utstilling om general Armfelt sitt åtak på Trondheim i 1718. Restauranten "Kommandanten" byr på servering i historiske omgjevnader både inne og utandørs for dei som treng ein kvil.

Unik kulturarena med stort potensial
Festningane rundt om i landet har styrkt sin posisjon som populære kulturarenaer. Som kjent vedtok formannskapet i Trondheim nyleg at festninga i 2014 og 2015 skal ha ein prøveperiode som konsertarena for eit publikum på opp til 22 000 menneske. "Bruk er det beste vernet, og Kristiansten festning byr på heilt unike kulissar for mange typar kulturarrangement. Vi ynskjer at byen skal ta den i bruk, og at festninga skal leggje til rette for ny bruk som vil bidra til å skape positive ringverknader", legg Herberg til.

Tradisjonelle metodar og miljøvenlege løysingar
Restaureringsarbeidet omfattar store murarbeid, ny og meir historisk korrekt vollprofil, og dessutan heis og fasaderehabilitering i den gamle kaserne-bygningen der Tomasskolen held til. Haubitzmagasinet er totalrehabilitert utvendig, og vil på sikt bli lokale for Forsvarets museum og tilby selskapslokale for utleige.

Alt arbeidet på festninga blir gjort på ein forsiktig og nøyaktig måte. Festningsmurane er tilbakeførte til original standard så langt det let seg gjere ved at det er brukt tradisjonelle metodar og tilnærma same type materialar som den gongen murane blei bygde. Dette gjev dei beste resultata og er med på å halde handverkstradisjonar i hevd. Alt arbeidet på festninga er gjort på ein forsiktig måte og i nært samarbeid med Riksantikvaren.

Vidare vedlikehaldstiltak
Kristiansten festning har fått eit stort lyft no, og vedlikehaldsarbeidet ved festninga vil halde fram i åra som kjem. "Det tyder mykje at Forsvarssektoren løyver monalege midlar til vedlikehald og utvikling av nokre av dei aller viktigaste kulturminna i landet", avrundar Herberg. Dei 14 nasjonale festningane er mellom dei viktigaste kulturminna i Noreg, og er ein viktig del av den nasjonale kulturarven. I perioden 2009–2015 vil det bli brukt meir enn 700 millionar kroner på å setje i stand murar og bygningar på festningane rundt om i landet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.