Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Framtidsretta og miljøvennleg

Framtidsretta og miljøvennleg oppvarming av bygga på Fredriksvern verft.

Varme frå eit nytt flisbasert bioenergianlegg er no kopla til det oppgraderte fjernvarmenettet på festninga Fredriksvern Verft. 18. november 2014 vart hendinga markert med mellom anna Larvik-ordførar Rune Høiset til stades.

Miljøvennleg bioenergi vil gje ein årleg reduksjon på cirka 783 tonn CO2 i høve til bruken av olje- og elkjele som ein har i dag.

-Dette er ein gledeleg dag, og med dette nye anlegget tek vi som forvaltarar eit viktig samfunnsansvar. Vi har oppgradert og tilpassa det interne fjernvarmeanlegget for å kunne motta miljøvennleg fjernvar-me, seier festningsforvaltar Trond H. Bergan i Forsvarsbygg nasjonale festningsverk (NFV).

Tenkje globalt, handle lokalt

-Ordførar Rune Høiseth supplerer: Global oppvarming er ei følgje av menneskeskapte klimagassutslepp frå fossilt brensel som olje, kol og naturgass, og blir rekna for å vere den største miljøutfordringa verdssamfunnet står overfor. Det er difor flott å registrere at NFV tek eit lokalt ansvar og set i verk viktige tiltak for å redusere utsleppa.

Miljøvennleg

- Vatnet blir varma opp gjennom skogsflis som hovudbrenslekjelde i anlegget, og flisa blir henta frå lokale skogsområde i Vestfold, utdjupar Jan Topstad i Norsk Bioenergi AS.

- Forsvarsbyggs vedtekne klima- og energiplan tilseier utfasing av alle oljekjelar. For oss har det vore viktig med eit energianlegg, som i tillegg til å vere miljøvennleg, også passar inn i dei historiske omgjevnadene her, poengterer festningsforvaltar Trond H. Bergan, og siktar til plassering og ut-forming av energianlegget.

Norsk Bioenergi

Norsk Bioenergi AS har etablert energisentralen med tilhøyrande infrastruktur. Investeringa er i storleiken kr 9 mill. Forsvarsbygg har inngått ein 20- års avtale med Norsk Bioenergi om energileve-ransen. Norsk Bioenergi har ansvar for total drift og vedlikehald av anlegget.

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk

NFV forvaltar 14 historiske festningsverk slik at dei framstår som attraktive arenaer for næringsverk-semd, kultur og opplevingar. Eit mål er å skape nytt liv på historisk grunn, og under mottoet ‘bruk er det beste vern’, blir anlegga tekne vare på slik at den kulturhistoriske kvaliteten blir sikra og synleggjort.

Foto: FB NFV

I rekkefølge fra venstre:

Jan Topstad (Norsk Bioenergi), Rune Høiseth (ordfører), Reidar Thoresen (driftsleder), Åsmund Stokkeland (prosjektleder), Trond H Bergan (festningsforvalter), Inger Anne Speilberg (rådmann)

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.