Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Hotellavtale på Oscarsborg festning fornya

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Oscarsborg Hotel & Resort AS har fornya leigeavtalen sin knytt til drift av hotell- og restaurantverksemd. Avtalen tek til å gjelde 1. juli 2015.

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk (FB NFV) og Oscarsborg Hotel & Resort AS (OHR) signerte 21. november 2014 ein fornya leigeavtale for perioden juli 2015 til 30. juni 2030, med opsjon på 5 års forlenging. OHR (dåverande Oscarsborg Kurs- og konferansehotell AS) har sidan 2005 drifta hotell- og restaurantverksemda på Oscarsborg festning.

Åremålet omfattar heile Skolekaserna og Messebygget, samt heile Elev- og Befalforlegninga. I tillegg leiger OHR Auditorium i Havnefortet, einskildlokale i Borgen i Hovudfortet, samt garasjar i Teknisk verkstad. Samla leigeareal utgjer om lag 11.300 kvm og omfattar 89 hotellrom med inntil 180 sengeplassar, konferansefasilitetar og restaurantar.

- Vi er glade for å halde fram åremålet med OHR. Eit godt hotell- og restauranttilbod er avgjerande viktig for vidare utvikling av Oscarsborg festning som ein av dei viktigaste destinasjonane i regionen, seier Thorbjørn Holth, distriktssjef Forsvarsbygg nasjonale festningsverk.

Nytt liv på historisk grunn

Oppdraget til Forsvarsbygg nasjonale festningsverk er å sjå til at festningane er tilgjengelege og attraktive for publikum. Festningane blir utvikla gjennom tilrettelegging for lokal kultur- og næringsverksemd. Oscarsborg festning har festa posisjonen sin som ein verdifull arena for kul-tur og næring med viktig lokal verdiskaping.

- Denne avtaleforlenginga markerer startskotet for ei storsatsing for Oscarsborg Hotel & Resort AS, seier styreleiar i OHR, Tony Eide. Dei neste tre åra skal hotellrom og konferansefa-silitetar moderniserast og oppgraderast monaleg, og vi vil vurdere å utvide tilbodet vårt på Oscarsborg ytterlegare etter kvart. Målet er å få ein solid auke i talet på gjestedøgn, utdjupar Eide.

Oscarsborg Hotel & Resort AS driv i dag heilårs hotell- og restaurantverksemd på Oscarsborg, med kurs og konferansar, selskaps- og kulturarrangement som hovudsatsingsområde. Hotellet har også eit godt tilbod til ferie- og fritidsmarknaden i sommarmånadene.

- Oscarsborg festning har i dag over 100 000 besøkande i året. Eit betra hotell- og konfe-ransetilbod vil føre til auka besøk, og samstundes vere utslagsgjevande for å generere fleire utviklingstiltak til glede for dei besøkande, avrundar Holth.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.