Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fredrikstad festning - Gamlebyen 350 år

I høve 350-årsjubileet til festninga inviterer Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Fredrikstad kommune til fest og moro på brusteinskledde plassar og i tronge smug mellom teglsteinsmurar og tømmerhus.

Gamlebyen i Fredrikstad er, i tillegg til å vere den best bevarte festningsbyen i Noreg, ein høgst levande og vital by. Vollane kring byen vernar den ikkje lenger mot fiendar, men hjelper til med å bevare den vakraste og mest sjarmerande bydelen i landet.

I høve 350-årsjubileet til festninga inviterer Forsvarsbygg nasjonale festningsverk og Fredrikstad kommune til fest og moro. Med arrangement for store og små markerer vi starten på dei neste 350 åra med ein festningsby som skal takast vare på og forvaltast etter beste evne. Velkomen til Fredrikstad festning, Gamlebyen!

Kort historikk – 27. mars 1663
Bygginga av Fredrikstad festning er ei av dei viktigaste hendingane i byen si historie. Det at Fredrikstad blei stengd inne bak militære forsvarsanlegg gjorde byen til ein garnisonsby, noko som kom til å setje eit avgjerande preg på heile byen gjennom fleire hundre år. Generalkvartermester Wyllem Cucheron planla anlegget, og festningsbygginga blei approbert av kong Fredrik III 27. mars 1663. Arbeidet starta 10. juni same år. I store trekk er Fredrikstad festning bygd etter den originale planen, som er nesten heilt lik den oppbygginga festninga har i dag. Det meste av arbeidet på Fredrikstad festning blei gjort av soldatar og utkalla bønder som gjorde krigsteneste ved anlegget.

Se program for jubileumsåret.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.