Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kunsttiltak for barn

Fredrikstad festning - Gamlebyen har fått middel frå Sparebankstiftinga til kunstverk for barn.

Fredrikstad festning – Gamlebyen har fått tildelt 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga til etablering av lyd- og lysinstallasjonar i Søndre og Nordre sortiport. (Ill: Søndre sortiport )

Skal lyse opp historiske tunnellar

Festningen har innfartsåre frå fire himmelretningar, av desse går to gjennom dei historiske tunnelane Søndre og Nordre sortiport, og er berre tilgjengelege til fots eller sykkel. Portane er sett opp i 1731 og 1737, og er sentrum for kunstinstallasjonane som ein no har fått tildelt middel til.

Tusenvis av barn går årleg gjennom desse portane for å kome til Gamlebyen. Ferda gjennom dei 300 år gamle mørklagde portane - med slak stiging på brustein – er ganske skummel og mørk. Somme legg turen over porten, på dei gresslagde vollane, for å sleppe den mørke ‘tunnelen’.

Portane fortener å bli framheva som meir enn ein rask veg til festninga. Dei er historiske velkomststasjonar til festningsbyen, med eit stort potensiale for spanande kunstmøte, særleg retta mot barn som store brukarar av tunnelane.

Vegen til festninga skal være hyggeleg!

- Vi er svært glade for å få denne gåva. Oppdraget vårt er å skape nytt liv på historisk grunn, og barn er ei viktig publikumsgruppe for oss. Vegen til festninga skal vere hyggeleg! Slik er dette prosjektet også viktig for å hjelpe til å ta vare på eit levande miljø på Fredrikstad festning – Gamlebyen, seier ein fornøgd festningsforvaltar, Øystein Andersen.

I desse portane ønskjer vi å etablere lyd- og lys-installasjonar som formidlar både historie og samtid. Desse er tenkt å formidle ulike historiar og hendingar frå den snart 450 år gamle byen.

Prosjektet ser for seg opplevingar i portane som får gjestande barn og unge til å stoppe opp. Peike, lytte og undre seg.

Kulturmøte på ein uventa stad

- Ingvar Høstbjør, Banksjef i DnB Fredrikstad: Sparebankstiftinga stør lokale tiltak som skaper aktivitet, tilhøyrsle og ei stolt tilknyting til nærmiljøet. Dette prosjektet representerer eit spanande kulturmøte på ein heilt uventa stad, og er retta mot barn og unge som målgruppe, i tråd med føremålet og arbeidsområdet til stiftinga.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.