Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Lekende skulpturpark på Kristiansten festning

Ny utandørs skulpturutstilling av kunstnaren Laura Ford vart opna på Kristiansten festning, fredag den 12. mai. Utstillinga med dei fantasifulle skulpturane skal stå fram til mai 2019.

- Vår misjon er å skape nytt liv på historisk grunn og utvikle og tilpasse gamle militære anlegg til sivil bruk. Vi prøver å finne aktivitetar som kan glede publikum både inne i bygg og utandørs og det skal være opent og tilgjengeleg for allmenneiga, fortalde festningsforvaltar Johnny Gylland til det inviterte publikum.
Kunstnaren sjølv, Laura Ford, var også til nerverande. Ho uttrykte stor begeistring for tida ho hadde hatt her og for å få muligheita til å kunne få leike seg på festningsområdet med å montere sine figurar.

Kommandant for Kristiansten festning, oblt. Bjørn Olav Heieraas, heldt en lengre opningstale. Heieraas fortalte om Kristianstens historie og takka for å få lov til å være med å opne utstillinga. Han uttrykte at utstillinga nettopp var et veldig godt eksempel på det militære-sivile samarbeidet og på det å skape nytt liv på historisk grunn.

Fantasifulle figurer med invitasjonar til leik
Laura Ford (1961-) er en britisk skulptør som har sine verk stilt ut i mange offentlige rom, hovudsakleg i Storbritannia og USA. Ford arbeider med mange typar materialar, frå bronse til keramikk og myke stoffer. De fantasifulle bronseskulpturane er både komiske og leikende, men opplevast ofte med en dyster undertone. Det finnast ingen riktig eller gal måte å sjå på skulpturane til Lara Ford på, de er invitasjonar frå Ford til leik og til å skapa sine eigne fortellingar.

Skulpturane du nå kan oppleve på Kristiansten festning i Trondheim har tidligare stått utstilt på Akershus festning i 2016. På Kristiansten festning vil de stå heilt fram til mai 2019.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.