Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Over 110 000 vitja Oscarsborg i 2017

Nytt av året er daglege avgangar til og frå Sætre. Tilbodet har vorte godt motteke i 2017 og stadfestar at det er stor interesse for Oscarsborg, òg frå Hurum. Ikkje alle kjem i eigne båtar og auken i mengd vitjande på festninga kjem blant anna som følgje av fergeavganger til Sætre.

Vi vil halda fram den gode trenden i 2018 for å tilretteleggja for alle som ynskjer å vitja Oscarsborg.

Godt samarbeid

Hurum Kommune har vore ein viktig samarbeidspartnar for å få tilbodet etablert og opningsseremonien 1. april 2017 ved ordførar Monica Vee Bratlie vart ein flott dag. På «Borgen» vart det mange opplevingar for små og store og sjølvsagd is og brus. Vi i Forsvarsbygg meiner det er viktig å tilretteleggja for publikum òg frå vestsida av fjorden. Aktørane på festninga gleder seg over årets rekord!

Fergerute til Sætre har vore ein suksess, og det er vi veldig nøgt med, seier festningsforvalter Hilde Falck Olsen.

Aktivt bruk er det beste vernet

Festninga er eit unikt og uerstattelig kulturminne, men samstundes òg ein arena for næring, kultur, og rekreasjon. Her vert skapt det bokstaveleg talt nytt liv på historisk grunn kvar dag. Mange av bygningane som sjølve borga, kommandantbustaden og øvrig festningsområde eignar seg godt til kunstutstillingar, konsertar og andre formar for kulturopplevingar.

Forsvarsbygg forvaltar Oscarsborg og 14 andre nasjonale festningar på vegne av Forsvarsdepartementet.

Vi ser fram til ein spennande nytt år med mange aktivitetar og mye besøk på Oscarsborg festning.

Kontaktperson

Hilde Falck Olsen

Festningsforvalter på Oscarsborg festning

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.