Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: Opning av Soldatheimen

Soldatheimen og Luftforsvarets idretts- og treningssenter (LITS) på Ørland flystasjon vart offisielt opna denne veka.
- Eit veldig godt døme på gjenbruk og bærekraftige løysningar, oppnådd gjennom godt samarbeid med kommunen og bruker, sa Vigdis By Kampenes, direktør prosjekt og utvikling, som representerte Forsvarsbygg under opninga.

Samarbeidet med kommunen om det gamle skulebygget, er ein god illustrasjon på korleis vi i fellesskap tek vare på våre verdiar. Hårberg skule lå tett ved hovedatkomsten til Ørland flystasjon. Salet av skulen til Forsvarsbygg gjorde det mulig for Ørland kommune å flytte undervisninga til ein heilt ny barneskule på Ørland. Den gamle skulen var bygd om, samstundes som det fekk eit påbygg.

Soldatheimen og treningssenteret er eit unikt konsept i Forsvaret. Samlokaliseringa er den største av denne typen tenestetilbod for soldatar og tilsette.
- Idrettsbygget og velferdsbygget var opphaveleg to separate prosjekter, men vart bestemd å lysast ut som éin felles kontrakt. Dette ga muligheit for å skape éit felles velfungerande anlegg, sa By Kampenes under opninga.
Det har det og så sanneleg blitt.


Rekrutterande effekt
Velferdsbygget «Soldatheimen» og treningssenteret er på høvesvis 4.200 m² og 3.800 m², i tillegg til eigne uteområde i nær tilknyting med mellom anna militær hinderbane og 400 meter løpebane.
Soldatheimen vart opna for prøvedrift 14. februar 2022, og har på kort tid blitt mykje nytta av både vernepliktige og tilsette. Treningssenteret vart offisielt opna i fjor sommar. Opninga av det samlokaliserte senteret har latt vente på seg til Soldatheimen stod ferdig. Fasilitetane for trening og velferd legg eit godt grunnlag for både god fysisk og psykisk helse, hjå vernepliktige og tilsette på Ørland flystasjon. Luftforsvarets sjef, generalmajor Rolf Folland sa under opning at anlegget ville ha "ein rekrutterande effekt" andsynes Ørland flystasjon.

 

Image "Soldatheimen.jpg" without description


Godt døme på gjenbruk og ombygging
Soldatheimen er resultatet av gjenbruk og ombygging av gamle Hårberg skule. Det er eit vellykka døme på korleis bruk av eksisterande bygg i samspel med nybygg effektivt løyser dei behova utviklinga av Ørland flystasjon fordrar, seier Vigdis By Kampenes, om samarbeidet som har leia fram til ferdig prosjekt.

Bruker har vært veldig deltakende og påkopla heile vegen, og slik bidratt til å skape løysinger som er optimalisert og tilpassa Luftforsvaret sine behov. Entreprenør og Forsvarsbygg har vore samlokaliserte på byggeplassen i to år, noko som har leia til snøgge avgjersler og veldig god kontroll på prosjektet. 

Soldatheimen har et bredt tilbod innan fagfelta sosiale tenester, familiekoordinator, velferd og tru og livssyn. Treningssenteret tilbyr fasilitetar med et stort utval av muligheiter for trening, særleg tilpassa Luftforsvaret sine krav.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.