Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

ØRLAND Flo byggetrinn II tas i bruk

I går vart eit nytt bygg inne på Ørland flystasjon teke i bruk. Prosjektet som er fullbyrda er eit nytt byggetrinn på Forsyningsbygget, som skal nyttast til den samla forsyninga av basen.

Byggetrinn to har eit samla bruttoareale på 5300 kvm, og inneheld ein utvida spedisjonshall med direkte kontakt til to lagerhallar som og er ein del av prosjektet. Vidare er det skipa nye kontorlokalar over tre etasjar, som skal nyttast av Forsvarets logistikkorganisasjon og Forsvarsbygg region Midt.
Byggetida kom på 18 månader og har ein kostnad på 170 millionar kroner. Rædergård Entreprenør frå Ørland var totalentreprenør.

- Det har vore eit spanande og krevjande prosjekt, spesielt med omsyn til at første byggjetrinn har vore fullt operativt samstundes med utbygginga. Samarbeidet med entreprenøren har fungert godt, og vi har hatt ein god dialog med brukarane undervegs, seier John Ommund Syvertsen, seksjonsleiar hjå Prosjekt og utvikling, Kapasitet luft.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.