- Vi er tilfredse med at vi kjem i gang med arbeidet for å kunne tilføre Forsvaret nye bustader. Vi er og glade for samarbeidet med leiinga i Ørland kommune, for bistanden med å skaffe tomtar på Brekstad, seier Carl Oscar Pedersen, utbyggingssjef i Forsvarsbygg.
Leilegheitene er planlagd oppført på «Meieritomta» i Brekstad sentrum, som vart skaffa av Forsvarsbygg i 2017. Bygget blir fire etasjar høgt, med parkeringskjellar. Fleirtalet av leilegheitene vil bestå av tre-romsleilegheiter, og parkeringskjellaren vil romme 62 biloppstillingsplassar. Nokre få av leilegheitene vil verte to-romsleilegheiter. Byggjetida vil bli halvanna til to år.
- Ørland flystasjon er svært glad for vedtaket om bygging av leilegheitene. Det er eit viktig bidrag for å få moderne, og ikkje minst nok bustadar for personellet ved flystasjonen, seier oberst Øivind Gunnerud, sjef for 132 luftving.
Kontrakt vil bli inngått med atterhald om godkjenning frå Forsvaret.