Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Samarbeidet med Riksantikvaren stadfesta med fornya avtale

Forsvarsbygg signerte i 2012 ein avtale om samarbeid med Riksantikvaren, og i 2017 ein annan avtale som gjev Forsvarsbygg utvida fullmakt til gjennomføring av tiltak utan å legge det fram for Riksantikvaren i forkant. Avtalane er nå revidert og dei naudsynte signeringane fann stad i førre veke.

FB forvaltar ei verna/freda portefølje på om lag 1200 objekt, knytt til nasjonale festningsverk og andre militære bygg eller eigedom. Kulturminnelova føreset godkjenning frå kulturminnemyndigheitene for alle tiltak utover vanleg vedlikehald på freda byggverk. Riksantikvaren er forvaltningsmyndigheit for alle dei nasjonale festningsverka. Myndigheit for anna EBA vart overført til dei einskilde fylkeskommunane 1. januar, i år.

Godt samarbeid
Forsvarsbygg har gjennom mange år utvikla eit veldig godt samarbeid med Riksantikvaren. Det ble i 2012 signert en avtale som stadfesta mål og praksis for samarbeidet. Avtalen sikrar ei effektiv sakshandsaming, som er til stor nytte for Forsvarsbygg som forvaltar.

I 2017 vart det signert ei tilleggsavtale som gjev Forsvarsbygg muligheit til gjennomføring av ei rekke tiltak utan å leggje det fram for Riksantikvaren i forkant, føreset at kulturminnefaglig vurdering er ivaretatt.

- Vi har skipa ein praksis med månadlege koordineringsmøte, frå fem til ti saker handsamast i kvart møte. Praksis for saksførebuing hjå Forsvarsbygg og handsaming hjå Riksantikvaren gjev eit godt grunnlag for løypande avklaringar og dispensasjonsvedtak der det er påkravd. Saman med denne praksisen, gjer avtalen det mogleg å korte ned bruk av tid og ressursar både hos oss og hos Riksantikvaren, seier Marte Oftedal, avdelingsleiar for kulturminne hjå Forsvarsbygg.

Avtalane er nå reviderte
Ordlyden i samarbeidsavtala vart noko forenkla og oppdatert med omsyn til rådande organisasjon hjå Forsvarsbygg, men intensjonen og verknaden er den same. Avtalen sikrar faste og effektive samarbeidsrutinar mellom etatane. Den supplerande avtalen om fagleg samarbeid (fagavtala) er utvida med fleire punkt i høve til kva for tiltak som kan gjennomførast utan forutgåande søknad til Riksantikvaren. Riksantikvaren har samstundes streka under føresetnaden om at FB har god fagkompetanse på kulturminnefeltet, og skjerpa kravet til oversending av dokumentasjon av tiltak som er gjennomførd.

Avtalene legg føringar for samhandlinga mellom avdelingane hjå Forsvarsbygg og er stadfesta av Forsvarsbyggs leiing. Kulturminneavdelinga, miljøseksjonen har ansvar for å støtte alle avdelingar i Forsvarsbygg med rådgjeving knytt til tiltak på kulturhistorisk eigedom, bygg og anlegg, og syte for dialog med vernemyndigheit.

- Samhandlingsavtalene gjev oss et sers godt grunnlag for ein effektiv og føreseieleg sakshandsaming overfor Riksantikvaren. Denne praksisen gjev samstundes eit godt grunnlag for tilsvarande dialog og god samhandling med fylkeskommunane der dei er forvaltningsmyndigheit for våre verna bygg, seier Marte Oftedal.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.