Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Startar salet av 12 bustader på Mågerø

Vi startar no salet av eigedommane knytt til Luftforsvaret si nedlagde stasjon på Mågerø. Først ut er 12 einebustader og to tomter i Mågerølia.

Forsvarsbygg har fått i oppdrag om å avhenda eigedommane som var knytt til den militære verksemda på Mågerø i Færder kommune i Vestfold. Siste militære avdeling flytta ut i januar 2019. No er avhendingsprosessen i gang.

– Einebustadene har vore tenestebustader knytt til etablissementet på Mågerø. Dei er bygd i 50-åra med enkel «forsvarsstandard» og treng ein del oppgradering. Alle husa er på eitt plan og er omlag 100 kvadratmeter. Dei har flott plassering med kort veg til sjø og marina. Bustadene har buplikt, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg, Trond Nordby.

Til investering
– Pengane vi får inn på salet vil gå tilbake til investering av nye bygg og anlegg for Forsvaret, seier Nordby.

Huseigarforeining oppretta
Forsvarsbygg har oppretta Mågerølia huseigarforeining for å kunna ivareta fellesareala i bustadfeltet i framtida. Den enkelte bustadkjøparen har såleis pliktig medlemskap i foreininga.

– Dette inneber at dei nye eigarane tar over ansvaret for å organisera snøbrøyting og andre fellesutgifter og tenester. Forsvarsbygg vil då ikkje lenger ha ansvar for fellesområda etter at alle bustadene er selde, seier Nordby.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.