Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Midt-Noregs hovudcamp klar for 2000 soldatar

Vi er godt i gang med drifta av Midt-Noregs hovudcamp på Værnes. Alt må fungere - kvar dag, 24 timar i døgnet.

Vi skal sørgje for at Forsvaret sine eigendomar, bygg, anlegg og infrastruktur fungerer og driftast både under fred, krise og krig. 24 timar i døgnet, året rundt. Det er ansvaret vårt, og noko vi tek på største alvor.

Ei stor mengd soldatar treng kost og losji under Trident Juncture. I Midt-Noreg vert alle dei militære leirane råka av Trident Juncture i større eller mindre grad. Værnes leir og areala til Forsvaret ved Frigård skytebane vil fungere som hovudcamp under øvinga.

Forlegning for 2000 soldatar

På Værnes har eit areal på 40 dekar vorte grave opp, planert og tilpassa som forlegningsområde for dei totalt 2000 soldatane. Naudsynt infrastruktur, slik som vegsystem, framkome, parkering, vatn og avløp, straum og IKT, har vorte kopla til.

- Oppgåva vår er å byggja forsvarsevne slik at Forsvaret kan øva, trena og bu. Under øvinga skal vi sørgje at for alt som er naudsynt for å drifta leirplassane er på plass, seiar prosjektleiar i Forsvarsbygg, Jan Morten Sydskjør.

Høg beredskap - heile døgnet

Ei stor mengd hallar og telt er satt opp på forlegningsplassen. Sjølve telta driftast av teltleverandøren Wilnor, mens alt anna vert drifta av Forsvarsbygg. Alt skal fungere 24 timar i døgnet. Dette gjeld heile året, men under Trident Juncture er dette særleg viktig.

- Øvinga er fokuset for Forsvarsbygg no. Det er ein viktig jobb som involverer mange tilsette. Beredskapen vil vera høg og vi må sjå til at alt fungerer, forsikrar Sydskjør.

Følgjer opp innmelde behov

Det er mykje uventa som dukkar opp undervegs når Midt-Norges største camp skal driftast. Det er tre personar på vakt til ei kvar tid under øvinga for å ta alle aktuelle oppgåver som kjem opp.

Ein regional operasjonssentral skal sørgje for å ta i mot innmelde behov, som fordeler oppgåver vidare. I tillegg er det koordineringsmøte kvar dag med involverte aktørar. 

- Vi har gode erfaringar med Forsvarsbygg knytt til øvinga. Vi opplev å få rask og god respons og at saka vert handtert hurtig. Er vi misfornøgd med noko er det fordi vi ikkje har meldt i frå om det sjølv. Vi opplev eit ynskje om å bidra, seiar Bjørn Harald Vik som er operasjonsoffiser i FLO RLL Midt. Han har ansvar for å følgja opp og ha oversyn over status på logistikk-leveransar og Host Nation Support-ansvaret for parti nord under øvinga.

- Alle bidreg til at alt er oppe og går. Ber vi om noko av Forsvarsbygg så får vi det. Det er eit unikt samarbeid mellom HV-12 og Forsvarsbygg på Værnes - vi byggjer og driftar leiren saman, seiar plasskommandant i HV-12 Rune Kvam. 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.